Skal byggja store einebustader i byen


Skal byggja store einebustader i byen

(NB: Dette kan være en forkortet versjon av teksten uten tilleggsinnhold som faktabokser, bilder, videoer og mer. Vennligst besøk nettsiden for å lese komplett innhold.)Rogalandshus skal byggja sju, store einebustader på Rosseland på Bryne. Det er sjeldan i ein by der stadig meir av utbygginga går i høgda. Pågangen har vore stor allereie før prosjekta er lagde ut for sal.På Rosseland For Trond Tveit i Rogalandshus blir det litt ekstra spesielt. Alle bustadane er i hans eige nabolag på Rosseland.- Det er litt skrekkblanda fryd, innrømmer Tveit ståande på Solbakken, som er det gamle gardsnamnet og også namnet på det eine utbyggingsprosjektet. Her skal ein einebustad med stor tomt gjerast om til fire einebustader på 200 kvadratmeter, med rundt 500 kvadratmeter tomt kvar. Eigedommen grensar til både nyare og eldre byggjefelt og utbyggjarane har saman med tidlegare eigar valt å prosjektera moderne hus med tradisjonell takform.- Eg tykkjer det er veldig gildt å vera med på å forma nærmiljøet mitt, samtidig som eg har vore opptatt av at naboane skal vera einige med det me skal gjera, seier Tveit.Han er sjølv oppvaksen på Rosseland og har budd heile livet sitt i det som etter kvart har blitt ein stor og veksande bydel på Bryne. Foto: Jorunn Erga Steinsland Ser kva folk vil ha I tillegg til Solbakken skal byggjefirmaet prosjektera tre hus på Kvåle. Denne eigedommen ligg bare rundt 50 meter frå der Tveit bur. For å vera sikker på at prosjektet ikkje genererer nokon nabokonfliktar eller annan støy har han sjølv snakka med alle ti berørte naboar.- Hadde ein einaste av dei sagt at dei ikkje ville dette, så hadde ikkje me kjøpt, seier Tveit ærleg.Han fortel vidare at naboane var opptekne av om det skulle vera einebustader eller leilegheiter, og at det vart sett pris på at det var einebustader, sjølv om nokre gjerne skulle ønskja at det vart bygd færre.- I dag blir 500 kvadrameter sett på som romslege tomter, seier Tveit og legg til at det var eit krav frå byggjefirmaet at dei skulle kunna tilby såpass store tomter og hus på rundt 200 kvadratmeter.- Det er det me ser at folk vil ha. Det er nok av rekkehus- og leilegheitsprosjekt i området, slår Tveit fast. SOLBAKKEN: Den store eigedommen med raudt hus skal bli til fire einebustader med rundt 500 kvadratmeter tomt. Foto: Rogalandshus Stor interesse Ingen av bustadene er lagde ut for sal ennå. Likevel har interessa vore stor. Det einaste firmaet har gjort er å setja opp eit skilt på den eine tomta. I tillegg har dei posta eit innlegg på facebook om alle sju husa som snart vil koma for sal. Dette har ført til at eitt hus i Solbakken-prosjektet allereie er selt og eitt anna er reservert.- Det har vore ei unormal interesse her. Eg vil på ingen måte friskmelda eigedomsmarknaden, men det viser at dette er eit spesielt prosjekt og at dette er noko folk vil ha, seier Tveit.Kvart av dei fire husa i Solbakken har ein prislapp på rundt 7,5 millionar kroner. I tillegg kjem noko eigeninnsats. På Kvåle er prisen noko mindre. KVÅLE: Det oransje huset skal erstattast av tre einebustader på opp mot 200 kvadratmeter. Foto: Privat Tveit er ærleg på at tomtene i seg sjølv var kostbare og at det pressar prisane opp.- Me har hatt følarar ute på marknaden når det gjeld pris og føler me har lagt oss rett, seier Tveit.Rogalandshus er eit lokalt byggjeforetak med 12 tilsette, der 8 er tømrarar, inkludert ein lærling. Trond Tveit er ein av fire som var med på å starta opp firmaet i 2012.