Senterpartiet får både ordføraren og varaordføraren


Senterpartiet får både ordføraren og varaordføraren

Etter vel to ein og halv time med forhandlingar var det i går kveld klart at Senterpartiet tar både ordførar og varaordførar, og at altså Ap mister varaordførar-vervet. Formannskapsfordelinga som i dag Fordelinga av dei sju plassane i formannskapet blir mellom partia som i dag. Sp får tre, mens Venstre, Ap, Krf og Høgre får ein kvar. Kven som skal sitja rundt bordet, blir avgjort 17.september. MDG inn i LMT-utvalet Senterpartiet får også leiaren for LMT-utvalet (landbruk, miljø og teknikk). Dette utvalet har fem plassar, og dei fordeler seg på MDG, KrF, Ap og Høgre. Ap eller Krf får leia levekår Per i dag har også Sp leiaren for levekårsutvalet. Den skal nå Ap eller KrF ha, mens SV får ein plass og Sp får to plassar i dette utvalet. Rolege forhandlingar Forhandlingane føregjekk betydeleg rolegare enn for fire år sidan, det var lite springing i trappene mellom etasjane i kommunehuset i dei par timane det heile føregjekk. Og det var naturleg nok høgast stemning på ordførarens kontor, der sjefsforhandlar Magne Langeland, nåverande og kommande ordførar Gerd Helen Bø og folkets favoritt, Øyvind Lovra Tveitane oppsummerte resultatet. Der kunne også Bø slå fast at Suldals neste varaordførar høgst sannsynleg befant seg. På telefon frå parkeringsplassen Då var Aps delegasjon gått, mens KrF-veteranene Roar Obrestad (for øvrig ikkje lenger partimedlem)og Svanhild Løge Skålheim som forhandla på vegner av dei splitter nye innvalde, stod på parkeringsplassen og heldt telefonen varm. Konstituerer seg 1.oktober Framleis gjenstår det altså mykje å settla, men det som er heilt sikkert, er at det nye kommunestyret skal konstituera seg 1.oktober.