"Semi-automatisk" offsidevarsling


"Semi-automatisk" offsidevarsling

FIFA vil teste ut det dei kallar halvautomatisk offsidevarsling under Arab Cup, som tek til i morgon. Det er ein ny variant av VAR-systemet, som skal gi signal til dommaren ved offside, skriv FIFA i ei pressemelding. Det skal brukast 10-12 kamera som skal samle inntil 29 ulike datapunkt for kvar spelar 50 gonger i sekundet. Dommaren får signal på øyret, og har den endelege avgjerda. Om testinga blir vellukka, kan det bli teke i bruk i VM i Qatar om eit år. Arab Cup med 16 lag er i år eit slags "prøve-VM" på dei aktuelle arenaene. – VAR har hatt positiv innverknad på fotballen, men det er område der det kan gjerast betre. Offside-avgjerder er eit av dei, seier Pierluigi Collina, dommarsjef i FIFA. – Denne løysinga håpar vi skal gi raskare og meir presise svar i offside-avgjerder, legg han til.
Les mer om: