Sander Berge må få ny sjef


Sander Berge må få ny sjef

Sheffield United kvittar seg manager Slavisa Jokanovic, melder Sky Sports. Laget med Sander Berge i stallen ligg på nedre tabellhalvdel i meisterskapsserien. Jokanovic overtok treneransvaret frå Chris Wilder etter nedrykket frå Premier League i mai. Sky Sports og fleire andre britiske medium skriv torsdag at serbaren alt no er ferdig i jobben. Sheffield United er på 16.-plass på nivå to i engelsk fotball. Sander Berge har starta fem kampar og hatt eitt innhopp denne sesongen.