Ryfylke-ordførarar hjå statsråden


Ryfylke-ordførarar hjå statsråden

Saman med fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal og leiar i samferdselsutvalet, Arne Bergsvåg, lytta ministeren i Kommunal- og moderniseringsdepartementet til dei tilreisande der den nye fordelingsnøkkelen for tilskot til hurtigbåt og ferjer var på agendaen. Mæland lytta, men kunne ikkje lova Varaordførar Kari Vaage Gjuvsland (Ap) fortel at det var eit såkalla lyttemøte, der dei folkevalde frå Rogaland og Ryfylke la fram si bekymring for korleis den nye fordelingsnøkkelen for statlege tilskot vil slå ut for reisande i Ryfylke. – Statsråden viste forståing og såg utfordingane, men kva dei nå gjer er me spente på, seier Vaage Gjuvsland. Ho og gruppa er både forundra og kritiske til at regjeringa kan gjera ei så stor endring i statlege tilskot utan at saka har vore ute på høyring, noko dei også påpeikte overfor statsråden.