Rv 13 ved Botnen opnar klokka 15


Rv 13 ved Botnen opnar klokka 15

SISTE: Vegstafikksentralen vest melder at vegen blir opna  klokka 15 i dag. Vegen som blei stengt i går, onsdag, etter at ein brøytebil køyrte av vegen ved Botnen er framleis stengt. Skulebuss og pendlarar fekk passera i går ettermiddag klokka 15.30 og i dag tidleg klokka 6.30. Statens Vegvesen seier det er uvisst når vegen blir opna igjen for fri ferdsel, og at det kan komma til å ta fleire dagar. Først skal vegen sikrast og autovern monterast. Rutebussen frå Suldal Billag, som korresponderer med Haukeliekspressen, slepp heller ikkje forbi.