Ruud og makker vidare i double


Ruud og makker vidare i double

Casper Ruud og hans serbiske makker Miomir Kecmanovic er klar for 3. runde i US Open etter ein imponerande siger over Raven Klaasen (Sør-Afrika) og Michael Venus (New Zealand). Klaasen/Venus er tredjerangerte i turneringa. Ruud og makkeren vann første sett med 6-4, men blei utklassa med 0-6 i det andre. I det tredje slo dei tilbake, braut motstandarens andre serve og vann 6-4. Kampen tok ein time og 54 minutt.