Rikke Nygard til VIF


Rikke Nygard til VIF

Midtbanespelar Rikke Nygard melder overgang frå Arna-Bjørnar til Vålerenga Fotball. – Eg gler meg, og er veldig takknemleg for det eg har opplevd med gode vener i Arna-Bjørnar. Det var ingen tvil om at eg ønska meg til Vålerenga, seier 20-åringen i ei pressemelding. Nygard har til saman 53 landskampar på alle nivå, og debuterte på A-landslaget mot Nord-Irland i november i fjor.