Remis for Carlsen


Remis for Carlsen

Magnus Carlsen klarte ikkje å utnytte fordelen med kvite brikker og spelte remis mot nederlandske Jorden van Foreest i Wijk aan Zee-turneringa. Van Foreest vant turneringa i fjor og møtte den regjerande VM-vinnaren. Begge spelarane sto med 2 poeng etter tre parti før tysdagens møte. Partiet starta roleg, men det begynte å skje noko meir mellom 30. og 40. trekk. Det blei remis etter 52 trekk. Onsdag er det kviledag. Neste runde skal spelast torsdag. Då er svenske Nils Grandelius motstandar for Carlsen, som skal spele med svart.

Mest lest siste uke