Rømt oppdrettslaks i Ryfylke


Rømt oppdrettslaks i Ryfylke

Fiskeridirektoratet har fått fleire rapportar om fangst av rømt oppdrettslaks og ber nå publikum om å melda frå om fangst av rømt fisk i området. Dei ønskjer også skjellprøvar av den rømde fisken. Tips blir tatt imot på direktoratets døgnopne vaktsentral, telefon 911 03 277. Vindafjord og Ryfylke Fiskeridirektoratet har gitt Mowi as pålegg om miljøovervaking av tre vassdrag i Vindafjorden etter ei rømming ved deira lokalitet i Ringja i september. Pålegget gjeld Vikedalselva, Rødneelva og Åmselva. Totalt er det fanga over 80 oppdrettslaks i desse vassdraga dei siste vekene. Direktoratet har også fått meldingar om fangstar og observasjonar av rømt oppdrettsfisk i sjø og vassdrag i andre delar av fjordsystemet i Ryfylke. Fisken er av varierande størrelse, men med hovudvekt på rundt eitt kilo.