Politiet viste bort nokon russ. Men fleirtalet oppførte seg fint


Politiet viste bort nokon russ. Men fleirtalet oppførte seg fint

(NB: Dette kan være en forkortet versjon av teksten uten tilleggsinnhold som faktabokser, bilder, videoer og mer. Vennligst besøk nettsiden for å lese komplett innhold.)Politiet melder at det i løpet av laurdag kveld og natt til søndag har vore nokon ordenssaker, som har ført til at nokon russ er blitt bortviste frå Kongeparken.- Det er slik det vil vera når 14.000 russ er samla på ein stad. Det er som med fyll og bråk i helgene elles. Det er nokon som ikkje klarer å oppføra seg. Men det generelle inntrykket vårt er at russen har vore greie, seier operasjonsleiar Nikolai Austerheim til Gjesdalbuen søndag morgon.Operasjonsleiaren har ikkje fleire detaljar å koma med frå Landstreffet, men viser til at andre delar av politiet kan koma til å uttala seg nærare etter helga.