Oppdatering av gårsdagens trafikk-uhell


Oppdatering av gårsdagens trafikk-uhell

Politiets operasjonssentral seier i dag, fredag, at dei verken mistenker promille eller høg fart då ein ung suldøl i går kveld køyrde i fjellveggen. Politiet melde først at uhellet skjedde i Sand sentrum, men retta det seinare til Sandsvegen ikkje langt frå Bergekrossen. Rett stad skal vera rv 13, mellom Møgedal mek. verkstad og innkøyringa til garden Berge. Mannen blei frakta med ambulanse til sjukehuset i Haugesund for helsesjekk. Airbagen i bilen blei utløyst og føraren som kom seg ut av bilen på eiga hand, klaga over smerter i skulder. Politipatruljen frå Vindafjord kom til plassen 45 minutt etter at uhellet var skjedd.