Opnar vegen igjen


Opnar vegen igjen

Rasstaden er rydda, og nå klokka 15.00 opna Statens vegvesen igjen vegen mellom Nesflaten og Suldalsosen. Vegen har, sidan i natt, vore stengt etter at fleire store steinblokker falt ned mellom Vika-og Falkalitunnelen. Vakt på staden Det vil vera vakt på staden og hastigheita blir også redusert. Planen i dag var å få geolog på staden for å vurdera raset og fjellsida, men det gjekk ikkje fordi det ikkje var tilgjengeleg helikopter. Denne vurderinga skal takast i morgon, men vegvesenet meiner at det nå er trygt nok til å opna vegen. Stengt også i Brattlandsdalen Men riksveg 13 er i ettermiddag blitt stengt på hordalandssida, lenger oppe i Brattlandsdalen, grunnen er ein lastebil som har køyrt av vegen ved Botnen. Her vil det føregå bilberging utover ettermiddagen, men Peer Einar Klungtveit i vegvesenet seier avtalen nå er at vegen opnar for pendlarar til Røldal i ettermiddag klokka 15.30 og i morgon tidleg klokka 06.30.