Nå kan Klepp få open barnehage igjen


Nå kan Klepp få open barnehage igjen

(NB: Dette kan være en forkortet versjon av teksten uten tilleggsinnhold som faktabokser, bilder, videoer og mer. Vennligst besøk nettsiden for å lese komplett innhold.)- Me ser at det er eit behov for ein open barnehage på Kleppe, seier kyrkjelydsutviklar Helene Høien Jess Lindjord i Fokus hverdagsmenighet.Kongebarna Kyrkjelyden har allereie i dag eit småbarnstilbod som dei kallar Kongebarna. Dette er ein open barnehage annakvar mandag, to timar kvar gong.- Det kjem rundt 20 ungar med vaksne kvar gong, seier Jess Lindjord.Nå ønskjer kyrkjelyden å utvida tilbodet og søkjer om godkjenning av lokala i bedehuskjellaren for bruk til open barnehage frå hausten 2019.Vil vera ein forskjell I søknaden til Klepp kommune blir det opplyst at kyrkjelyden ønskjer eit tilbod som er meir fast og som er eit godt tilbod for dei som er heime med småbarn.- Kongebarna er eit lågterskeltilbod. Det er lett å koma innom, noko som resulterer i at mange nye kjem. Dei vaksne finn eit nettverk av andre heimeverande og barna leiker med kvarandre, skriv kyrkjelyden vidare.Formålet med den opne barnehagen er å gi eit pedagogisk tilbod til dei som er heime på dagtid med barn frå null til seks år.- Me ønskjer å kunna vera ein forskjell for bygda vår, med eit tilbod som me trur mange vil ha stor glede av, seier Jess Lindjord.To dagar i veka Utgangspunktet er at den opne barnehagen skal ha eit tilbod to dagar i veka, til saman i underkant av ti timar. Dagsrytmen skal vera fast og forutsigbar. Viss søknaden blir godkjent, ønskjer kyrkjelyden å tilsetja ein pedagogisk leiar.Fokus hverdagsmenighet er tilknytta Norsk Luthersk Misjonssamband og held til på Kleppe bedehus. Menigheita har gudstenester annan kvar sundag med stort barneopplegg.Kyrkjelyden ønskjer å driva ein open barnehage ut i frå ein utvida, kristen formålsparagraf. VIL UTVIDA: Kongebarna er eit to timars tilbod i regi av Fokus hverdagsmenighet på Klepp bedehus anna kvar måndag. Helene Høien Jess Lindjord leiar tilbodet. Nå håpar ho å få utvida tilbodet. måndag Foto: Vebjørn Olsen Såpeboble-kos Denne mandagen har det samla seg rundt 20 ungar i kjellaren i Klepp bedehus. Stemninga er god og aukar ytterlegare nokre hakk i det Helene Høien Jess Lindjord tek fram såpeboblemaskinen og stemmer i Kongebarna-songen. Ungane hoppar og dansar medan dei prøver å få tak i boblene.Det er ikkje bare ungane som koser seg dei mandagane det er tilbod i bedehuskjellaren.- Me plar å vera her kvar gong. Det er bra at Silje får lov å leika med andre barn og sosialisera seg, seier Karen Nordal.Då den eldste dottera var liten, var det tilbod om open barnehage i idrettshallen og mor og dotter gjekk fast der.- Me kjem absolutt til å koma fleire gonger viss dei får til eit fast tilbod her, seier Nordal. Framme frå venstre: Kristina Haugen Kåstad med døtrene Sara Linnea og Amalie, Maria Hodne med dottera Lea Sofie. Foto: Vebjørn Olsen Håpar på utviding Samtlege Jærbladet snakkar med denne mandagen håpar at tilbodet blir utvida og ser føre seg å bruka det.- Eg håpar det kjem eit betre tilbod. Det er gildt for ungane å leika med kvarandre, seier Gunnhild Olsen Sandvik.- Samtidig får me vaksne treffa kvarandre saman med barna, legg Maria Hodne til.