Mykje som skjer i Suldal denne helga


Mykje som skjer i Suldal denne helga

Julemesse, julegateopning og utstillingsopningar Fredag ettermiddag arrangerer Normisjonen si årlege julemesse på Sand skule. Arrangøren kan freista med mange heimelaga varer som er til sals, som julemat og julegåver. Rundt om i grendene er det også juleopnings-arrangement nå i kveld. I morgon, laurdag, er det ikkje vanskeleg å fylla dagen. Denne dagen er det julegateopning i Gata med opne butikkar og salsboder på Torjå. Men før fakkeltoget går og lysa på grana blir tende, er det mykje som skjer. Juleverkstad På Nesasjøhuset inviterer Ryfylkemuseet inn til juleverkstad der ein kan laga julekorger. På Kulturhuset er det to opningar. Suldal Malarklubb opnar si kunstutstilling, og i foajeen er det årets peparkakeby som skal opnast. Laurdag kveld er det korps for alle penga på Kulturhuset, då Haugesund teater gjestar Suldal med framsyninga Korps. Med på laget har dei mange lokale korpsmusikantar. Korps og kino Søndag 1. desember er det også mogleg å få med seg korpsmusikk. Første søndag i advent skipar Suldal Musikkorps til julekonsert på Suldalsosen med kafèsal og basar. Er ein klar for litt smak av jul, er kanskje julemiddag på Kjølvikstølen tingen? På grendehuset er det pinnekjøøt og ribbe på menyen. For dei yngste er det teater på Kulturhuset denne dagen, Pippa feirer jul. Og for dei som kjenner Pippi, kan alt skje. Julefilmar er alt byrja å snurre på Kulturhuset. Søndag kveld har ein sjanse til å sjå Snekker Andersen og julenissen – den vesle bygda som glemte at det var jul. Like etter er det Last christmas på lerretet. Whams legendariske julesong, romantikk, komedie og tonnevis med julestemning.