Mandatkåring og forhandlingar i kveld


Mandatkåring og forhandlingar i kveld

Om valnatta forlengst er over, og partioppslutninga er avklart, er det plenty av spenning igjen, for både veljarar og listekandidatar. Innkalt til orientering Nye reglar for oppteljing av førehandsstemmer, gjer at sjølve mandatkåringa, altså namna på kven som kjem inn, ikkje er klar før tidleg i kveld. Dermed er det ny runde på kommunehuset i kveld, når det skal visa seg korleis personstemmer og slengjarar påverkar det endelege valresultatet når det gjeld mandatfordelinga. Det er forventa klart ein gong mellom klokka 18 og 19, og etter det har ordførar Gerd Helen Bø innkalla listetoppane til orienteringsmøte før forhandlingane, etter planen, begynner. Bø: – Naturleg at Sp får ordføraren Bø, som seint i går kveld karakteriserte valresultatet for Sp som fantastisk, ser det som heilt naturleg at det framleis er ho som beheld klubbe og kjede. – Det er naturleg at Senterpartiet får ordføraren, eg ser ingen utfordrar, sa Bø tidlegare i dag.
Les mer om: