Liverpool kanskje til Dortmund


Liverpool kanskje til Dortmund

Liverpool kan kome til å gjeste Jürgen Klopps gamle heimebane i Dortmund når dei møter Midtjylland i meisterligaen 9. desember. Kampen kan ikkje spelast i Midtjyllands heimby Herning fordi Storbritannia krev to vekers karantene for alle som kjem frå Danmark. Borussia Dortmund tilbyr seg å arrangere kampen, men UEFA har enno ikkje stadfesta kampstad. Liverpool-manager Jürgen Klopp trena Dortmund til Bundesliga-siger i 2011 og 2012.