LESARBREV: Vel Venstre


LESARBREV: Vel Venstre

Takk for ein fin valkamp. No har me halde på i fleire veker, mykje er skrive og sagt, men i ein god og respektfull tone. Politikk i Suldal handlar om lite konflikt og store økonomiske moglegheiter. Ein skal ikkje svartmåla: i Suldal er me heldige! Me i Venstre vil me skal bruka desse godene til å skapa varige verdiar: • at Suldal kommune skal ta grøne val • sikra at det ved hyttebygging blir teke tilstrekkeleg omsyn til miljø, villrein, kulturhistorie og tradisjonelt friluftsliv. • stimulera til alternative undervisningsformer slik at alle elevar får utvikla sine sterke side • at hjelpetrengande framleis skal få bu heime dersom dei ønskjer det, og ein tryggheit i at legehjelp er i nærleiken. Om dette er noko du vil, så håpar me du vil røysta Venstre. Godt val Nils Bjarne Vold, Gunhild Moe, Eskil Nerheim og Ragnhild Sukka, Suldal Venstre
Les mer om: