LESARBREV: Suldal treng ein kunst– og kulturplan


LESARBREV: Suldal treng ein kunst– og kulturplan

Suldal Venstre vil ta initiativ til at Suldal kommune skal utarbeida ein eigen kunst- og kulturplan. Me vil arbeide for at Suldal på kulturfeltet skal være – som det står i Suldal Kommuneplan for 2015 – 2024 – ”ein spydspiss i regionen med fokus på breidde og mangfald”. Den særs godt utarbeida kulturminneplanen for Suldal frå 2018 seier mykje om kva me har av flotte kulturminne i kommunen og korleis ein skal hegna om og nytta desse. Ein Kunst- og kulturplan skal seie noko om kva me har no, men og i kva retning med ynskjer å gå for framtida. Ein slik plan skal seie noko om våre ambisjonar og korleis me kjem dit. Hvis me vil være ein ”spydspiss i regionen” så må vegen dit utredast og skrivast. Slik kan me sikra arbeidet med å leggja til rette for at det som no vert skapt, seinare kan gå inn i ein framtidig kulturminneplan. Framtidas verneverdige kultur må skapas no. Suldal Venstre vil arbeide for ei kultursatsning som tek vare på lokale tradisjoner i lag med nye uttrykk! Eit godt steg på vegen er ein Kunst- og kulturplan. Gunhild Moe 2. kandidat Suldal Venstre
Les mer om: