LESARBREV: Suldal har erklært klimakrise – nå må me jobba for å løysa den!


LESARBREV: Suldal har erklært klimakrise – nå må me jobba for å løysa den!

Sivilisasjonen vår blir ofra for at nokre få menneske kan fortsetje å tene enorme mengder pengar. […] Du sier at du elsker barna dine fremfor alt anna, likevel stel du framtida deira framfor augene deira. Sitatet er av Greta Thunberg då ho tala på FN sitt klimatoppmøte i desember i fjor. I dag er det fredag, og Greta streikar igjen saman med mange andre elevar i verda. Dei er i streik for klimaet. Dei går ikkje på skulen fordi dei krev handling – dei krev ei politisk leiing som vil gjere noko med klimakrisa. I Brasil ser me ei katastrofe utvikla seg. Brannane svekkjer Amazonas, som på grunn av høgrepolitikk, opplever ei massiv avskoging. Dette er eit umisseleg tap av naturmangfald, fører til store klimagassutslepp og bidreg difor til at klimakrisa i heile verda aukar. Sjølv om dette skjer langt unna, blir det endå viktigare med radikale kutt i klimagassutslepp på nasjonalt nivå, på fylkesnivå og på kommunalt nivå. For til sjuande og sist: Alle utslepp tel. SV støtta krava til klimastreikarane på Stortinget tidlegare i år, men diverre stemde Venstre, Høgre, Frp, Ap, Krf og Sp mot. Klimastreikarane sine krav er at det ikkje skal bli gitt fleire utvinningsløyve til oljeindustrien, at ein skal kutta meir enn halvparten av norske utslepp innan 2030 samanlikna med 1990-nivå, at ein skal auke støtta til klimatiltak og klimatilpassing i det globale sør med minst 65 milliardar årleg. I tillegg ynskjer elevane at ein skal erklæra ein krisesituasjon for klima og natur, og følgje opp med tiltak for å løysa krisane. Suldal SV vil høyra på klimastreikarane og føreslo å erklæra klimakrise i kommunestyret i går. Dette blei vedtatt mot stemmene til Høgre. Me er veldig glade for at så mange ser alvoret, og nå håpar me at det framtidige kommunestyret kjem til å setje i verk gode tiltak for å løyse krisa me er i. Me i SV meiner at vår viktigaste oppgåve framover, er å sørge for at Suldal blir ein grønare kommune. Me vil jobba for at Suldal får ein meir radikal Klima- og energiplan der det endelige målet er å bli ein nullutsleppskommune. Å setja miljøet øvst, er det einaste økonomisk forsvarlege for framtida vår. Klima- og naturmangfaldskrisa kan ikkje løysast individuelt, men er noko me må løyse saman. Me må gjennomføra ei rettferdig grøn omstilling. Ei omstilling må skapa eit betre samfunn med mindre forskjellar mellom folk, det kan ikkje bli slik at vanlege folk skal betala den største prisen, og så går storforureinarane fri. Om omstillinga skjer på ein rettferdig måte, vil det vera lettare å mobilisere større delar av befolkninga mot eit grønt skifte. Me vil ha eit samfunn der fellesskapet står i fokus, ikkje økonomisk vekst for nokre få som rammar menneske og natur. Røyst for miljøet på måndag og bli med å løyse krisa saman med oss. Anette Opheim 1.kandidat for Suldal SV