LESARBREV: Nokre ord om kvalitet i fådelt skule


LESARBREV: Nokre ord om kvalitet i fådelt skule

Eg kjenner at det er på sin plass å skriva eit lesarbrev om kvalitetar ved fådelt skule. Dette fordi det er krefter både i og utanfor det lokalpolitiske miljøet vårt som snakkar denne skuleforma ned. Eg har lest ein del artiklar som syner til forsking på dette. På udir.no og på utdanningsnytt.no, nettstadane til Utdanningsdirektoratet og til ulike pedagogiske tidsskrift, finst aktuelle artiklar og linkar om emnet. Etter mykje forsking på læringsutbyte på små versus store skular, les ein motstridande konklusjonar. Difor kan ein ikkje seia at små skular er betre enn store. Heller ikkje omvendt. Det same kjem fram etter forsking på det sosiale miljøet. Den sosiale utviklinga er ikkje påverka av om skulen ungane går på er stor eller liten. Og eg presiserer at dette er utsagn basert på mykje forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Det Udir seier noko klart om når det gjeld forsvarleg klassestorleik, er at det ikkje skal vera for mange elevar i klassen. Noko nedre grense er ikkje sett. Det blir altså sett på som ein fordel om det er få elevar tilstades i klasserommet, at læraren kan sjå og gi den enkelte elev større fokus. Det forsking derimot er heilt eintydig på når det gjeld kva som påverkar læringsutbytet til elevane i positiv lei, er at ein får til gode relasjonar i alle ledd av eininga. Mellom lærar og elev, elev-elev, lærar-andre tilsette, skule-heim, leiar-tilsette osb. Spel på lag, rett og slett! Så enkelt. Og så vanskeleg. Dei som vel å vera lærarar på fådelte skular, er kjende med at dei i enkelte fag treng tilpassa fagstoffet for fleire klassetrinn på ein gong. Og det er mange grep ein skule kan gjera for å få dette godt til. Sjølv om det er små fagmiljø på små oppveksteiningar, har digitaliseringa opna for utbreidt samarbeid både internt i kommunen og så langt bort ein måtte ønska. Hospitering på andre skular og nettverkssamlingar er òg gode måtar å utveksla idear på. Ein digresjon her er at enkelte store skular faktisk har oppretta aldersblanda klassar, og dei stør seg på den forskinga som seier at det er fordel for elevar å vera saman på tvers av alder. Når alt kjem til alt er uansett den enkelte lærar åleine på si eiga scene når dei går inn i klasserommet, anten klassen er liten eller stor, fådelt eller fulldelt. Dei skal kvar dag utøva god klasseleiing og skapa gode relasjonar, for slik å danna grunnlag for både fagleg og sosial læring. Det står stor respekt av slikt arbeid! At me treng faglærde som ivaretar dette, er klart. Det er og klart at dei små skulane kan ha like god dekning av faglærde som dei større. At rekrutteringa i periodar har synt seg noko varierande på skulane våre, er ikkje unikt for Suldal. Eg ser verkeleg ikkje mon i å legga ned skular av den grunn. Aktive rekrutteringskampanjar er iverksette både kommunalt og nasjonalt dei siste åra. Å gjera det attraktivt å jobba som lærar i distrikta er eit viktig arbeid som treng fortsetja. At det kan vera fordelar for både skule og barnehage å vera lokaliserte på same staden, har eg tru på. Og eg har tru på at 1.-7.klasse treng å ha skulegongen i nærmiljøet sitt. Ein kan snakka om nytenking rundt eksisterande skulekrinsar så mykje ein vil, men avstandane i Suldal blir ikkje korta ned av det. Og for småbarnsfamiliar som vurderer å flytta til grendene våre, er det viktig å vita om det er politisk vilje til å oppretthalda eit desentralisert barneskuletilbod i kommunen. Slik det ser ut i Suldal før valet i 2019, er dette slett ikkje klart, korkje i direkte eller indirekte formuleringar. Igjen; Godt val! Helsing Marita Lindal Haug