LESARBREV: Miljøskader frå gummigranulat


LESARBREV: Miljøskader frå gummigranulat

Suldal Venstre vil at kommunen skal oppretta eit miljøfond til dekking av miljøtiltak utført av lag og organisasjonar. Me ser det som naturleg at stønad til miljøvennlege alternativ til gummigranulat er eit godt tiltak. I Suldal kommune er det to kunstgrasbanar. Ein i Prestavikjo på Suldalsosen og ein på Sand skule på Sand. På kunstgrasbanane nyttar ein i dag gummigranulat, små korn frå oppmolne bildekk, for å gjera det mjukare og lettare å springa. Fleire av ballbingane i kommunen nyttar også slikt. Det er ikkje påvist miljøskade på menneske som nyttar seg av banane, men dei små gummikorna forsvinn ut i naturen, deler seg opp i mindre delar og blir tatt opp i av ulike næringskjedar. Dette er det me kjenner som mikroplast, eit veksande problem som ein meir og meir blir klar over er ei tikkande miljøbombe. Idrettslaga gjer ein god jobb for å minska utsleppet, men kan ikkje hindra at mykje slepp ut. I framtida er det naturleg å tenkja seg at fleire fotballbanar i Suldal kjem til å bli kunstgrasbanar, og eksisterande vil trenga påfyll av dempande granulat. Då bør me tenkja gjennom kva me nyttar til demping på banane. Eskil Nerheim, 3.kandidat for Suldal Venstre