LESARBREV: Gode lesar av Suldalsposten


LESARBREV: Gode lesar av Suldalsposten

Me er komne til august og ferien er for dei fleste avvikla. Pulsen er på det normale nivået, og roen senkar seg over dei fleste. Ikkje ganske alle. Dei siste vekene har vore så hektiske at eg veit knapt kor gamal eg. Ein nær foreståande hofteoperasjon gjorde at der var mange ting som måtte vera i boks før eg for. Eg var det nesten og, då telefonen frå sjukehuset kom med besked om at operasjonen var utsett to veker. Legane hadde fått spysjuka. Eg fekk gjort mange ting på dei ekstra dagane. Nesten som ein ufortent ferie. Men det er innsamlinga til Romania som ligg fremst i pannebrasken. Den kjem selfølgelig i år også. I midten av september. Plakatar er sende ut og hengt opp. Les dei nøye. Der er ingen ting nytt, alt er som før. Innsamlingsstadene, klokkeslett og alle trufaste hjelperar. 1000 takk til dokken alle som stiller opp år etter år. Behovet er det same, pakkinga likeså. Eg skriv ikkje så mykje om den. De er så flinke med doble sekker når det er tynne sekker, ellers er det nok med ein. Men det er viktig å pakka knuselige ting i øskjer. Fraktpengar er som før. Morten takkar for 50 kr pr kolli. Så er det å rydda ut av skuffer og skap. Ikkje kast, der er nokon som treng det. Ingenting blir selt, alt blir delt ut der behovet er størst. Eg håpar at de prioriterar innsamlinga mi/vår. (Framfor dei grøne boksane) Så må de ha ein fin haust, hugs å gi ein klem til den du er glad i. Vennlig helsing Inger Apeland
Les mer om: