LESARBREV: Fire nye år i politikken. Noen utfordringar!


LESARBREV: Fire nye år i politikken. Noen utfordringar!

Valet nærmer seg og alle, både parti og enkeltpersonar har lyst å markera seg med revolusjonerende ting som me skal prøva å få til i neste valgperiode. Eg har tidlegare sagt at det vil eg vera forsiktig med, men noen tankar om dei neste fire år kan ein no gjera seg. Me må ta innover oss at me er heldige og bur i ein kommune med gode tenester. Det vil alltid vera noe å forbetra , nye tiltak som ein kan prøva ut. I denne kommunevalperioden har me vore gjennom ein kraftig reduksjon på stillingar, om lag 20 årsverk, dei fleste i administrasjonen. Suldal Senterparti meinar det er feil å begynna å auka stillingar, først må ein sjå om tiltak kan løysast innafor dei ressurser som me har. I neste periode skal me i gang med ein stor endring i eldreomsorga. Tidlegare skulle me bu på institusjon når me vart eldre, no er målet at flest mulig skal bu heime, få tenester som heimehjelp og pleiehjelp, heim til seg. Det vert både nybygging og ombygging av eksisterande institusjonar. Det kan vera brutalt å riva ein del bygningar, men skal me få framtidsretta boligar må det gjerast. I media, både avis og sosiale media, er det kjøkkenfunksjonen som har fått stor oppmerksomhet. Og det er vel ingen som er i tvil om at mat er viktig både ernæringsmessig og smakmessig. Det er fleire tenester som er viktig i omlegginga som kommer, som ikkje har fått oppmerksomhet. Når eldre skal bu heime, klarar me hindra at dei ikkje vert einsame og at dei føler seg trygge? Får me nok folk til heimeteneste, så alle får den hjelp dei trenger, og får heimetenesta nok ressurser til at dei kan dela litt sosialt med den dei er på besøk hjå? Har me nok sjukepleiare til å utføra sine tenester? Det er mange spørsmål som me ikkje har 100% svar på, men Senterpartiet er i hvert fall klar på at dette skal me jobba hardt for å få til. Me bur i ein vidstrakt kommune, stor i areal, men dessverre litt for lite innbyggere. Det vil vera ei stor oppgave å kjempa for eksisterande/etablera nye arbeidsplasser. Dette for å prøva å skapa vekst i samfunnet. Diskusjonen om kommunesamanslåing vil sikkert koma opp igjen. Me i Senterpartiet er klare på at me vil vera eigen kommune. Oppgaver som me ikkje kan klara åleine vil me løysa med samarbeid. Det er krevjande å gje like tenester ut til alle. Suldal Senterparti har i hvert fall ei klar målsetting om at dette vil me prøva få til, der det er forutsetningar for det. Partilista vår til dette valget inneholder ein eller fleire representanter frå kvar ei grend/skulekrins, så me har har god geografisk spredning på medlemmene på valglista. Oppgavene i neste valperiode vil verta mange og store. Senterpartiet er klar og har lyst til å ta fatt på desse oppgavene. Godt val. Magne Langeland 2.kandidat SP