LEIAR: Kampen om grepet


LEIAR: Kampen om grepet

Når valdagen nå rykkjer nærare, er det berre å konstatera at det formeleg må skje eit under for at den store stridssaka skal dukka opp. Den politiske verkelegheita lokalt akkurat nå, er prega av kampen for å behalda og sikra det me har. Fremst i linja står hurtigbåten, rassikring og vegutbetring og det å hindra ytterlegare tap av tenester og tilbod. Det foreiner suldalspartia og dei folkevalde så til dei grader at det for veljarane nok er vanskelege å halda fargane frå kvarandre. Perioden som ebbar ut har vore smult farvatn for ordførar Gerd Helen Bø. Når ho i den ferske lokale meiningsmålinga gjer det personleg godt, er det sjølvsagt eit tilbakemelding på jobben ho har gjort, men det må også lesast som eit bilde av ein ordførarperiode som har vore utan dei store prøvelsane. Ein skal ikkje løfta blikket særleg for å få auge på store vanskeleg saker som kjem til å reisa seg frå dvalemodusen dei nå ligg i. Legevakta, kraftinntektene og det store spørsmålet om grendeskulane ligg og vaker, men akkurat nå under vassskorpa. Her og nå er det ingen saker som splittar partia, me manglar så og seia eit politisk mørkerom som framkallar dei politiske fargane. I den situasjonen handlar det for partia nå om kven som er best til å festa grepet rundt sverdet i kampen for sakene dei er samde om. Kven er dei mest truverdige som distriktets våpendragar, når det kjem til kamp for hurtigbåten, betre mobildekning og rassikring? Akkurat nå er det berre å notera at Suldal SV er i ferd med å ta eit ganske offensivt tak i hurtigbåt-saka med sitt enkle, men smarte grep med bretting og signering av papirbåtar. 360 slike blei måndag levert til Rogalandsbenken på Stortinget der partilistetopp Anette Opheim møtte Tina Bru (H) med fanget fullt av ein båtprotest. Slik tar eit forholdsvis lite suldalsparti sterk eigarskap til ei stor sak som berører alle, og viser at det trengst ingen dyre spindoktorar for å få gang på partiarbeid, ein kjem langt med god fantasi og litt dugnadsånd. Fantasi og arbeidslyst er det politikarane vil trengja i møte med dei utfordringane som vil komma i åra som kjem. Og er det noko me sikkert veit er det at programfesta lovnader og primære standpunkt slett ikkje alltid overlever møte med realitetane. Det politikarane seier dei vil gjera, er viktig, men endå viktigare er det å sjekka kva dei faktisk har gjort, og kva dei gjer akkurat nå. Esther Moe redaktør