Lastebil av vegen ved Velaskaret


Lastebil av vegen ved Velaskaret

Ein lastebil med hengar måtte ha hjelp av bergingsbil for å komma seg på vegen igjen. Hendinga skjedde på riksveg 13 onsdag føremiddag, rundt 200 meter nord for Velaskartunnelen. Då Suldalsposten var på staden, like før klokka 11 i dag, kom bergingsbilen for å hjelpa den uheldige sjåføren. Det var då slapseføre i vegbanen. Informasjonsansvarleg i Vassbakk og Stol, Bjørn Egil Apeland, fortel til avisa at lastebilen var på veg til Sand då sjåføren eit lite stykke etter tunellen, opplevde at bilane framføre bremsa opp. – Han måtte stoppa opp. Då han starta opp igjen, glapp det under dekka, og lastebilen spant og sklei ut i grøfta, seier Apeland.