Kvadruppel bogey øydela for Hovland


Kvadruppel bogey øydela for Hovland

På 17 hol storspela Viktor Hovland i golfturneringa i Florida, og var på veg mot det heilt store. Då hadde han sju under par, inkludert fem strake birdiar, og åtte under par samanlagt etter to dagar. Han låg på sjetteplass. Men på det siste holet møtte han veggen. Han brukte åtte slag på par 4-holet, ein kvadruppel bogey. Sju under par blei til tre under for dagen. Han var likevel på 15-plass då han var ferdig med runden, men ikkje alle konkurrentane var ferdige.
Les mer om: