Kva meiner listetoppane?


Kva meiner listetoppane?

1. Tre eigenskapar som gjer deg til ein god ordførar? 2. Kva er dei tre viktigaste sakene for suldals- samfunnet nå? 3. Konkret; korleis skal Suldal få fleire innbyggjarar? 4. Konkret; korleis skal Suldal få fleire arbeidsplassar? 5. Vindmøller i Suldal; ja eller nei? 6. Kva er det viktigaste Suldal kan gjera for barn og unge? 7. Bør ungdomsskulen på Nesflaten innlemmast i den felles ungdomsskulen, og kva meiner du om dagens barneskulestruktur? 8. Ulla-Førre næringsfond; korleis meiner du det best kan brukast? 9. Om du må kutta i utgifter, kor set du kniven først då, og kor meiner du at me kan henta meir inntekter? 10. Korleis kan Suldal bli ein grønare kommune?   Gerd Helen Bø, Senterpartiet GERD HELEN BØ (65), Senterpartiet Bur i Valskår, er ordførar 1. Eg vil seia at eg er roleg, omtenksom og så er eg samarbeidsorientert. 2. Å oppretthalda tenestetilbodet i kommunen, å oppretthalda eller forbetra kommunikasjonstilbodet, og då tenkjer eg i brei forstand; båt, veg, telekommunikasjon og mobildekning. Og så er næringsutvikling viktig og då tenkjer eg på å ta vare på den næringa me har i landbruket og elles og å få til nye arbeidsplassar. 3. Eg trur det er veldig viktig å ha eit godt tilbod i skulen og i barnehagen og på kommunikasjonar. Me må tilretteleggja og så må me vera aktive ute i marknaden med å selja oss inn. 4. Til det brukar me Suldal Vekst. Så må me vera gode på å bruka Ulla Førre næringsfond rett og så må me ha næringsareal. 5. Nei. Me har avgitt mykje av vår natur til kraftutbygging og kompensasjonen for kommunen er for dårleg. 6. God barnehage og skule. – Kva legg du i god? – For meg betyr det nærleik, flinke fagfolk og at dei som slit, får god hjelp av støtteapparat. Eg trur også det er viktig å støtta oppunder frivillige lag og organisa- sjonar som arbeider for og med barn og unge. 7. Eg meiner ungdomsskulen på Nesflaten bør oppretthaldast. Slik eg ser barneskulane nå, tenkjer eg at me må prøva å oppretthalda dei slik det er nå. – Kva meiner du med å prøva? – Det kan komma faktorar me ikkje nå ser, som kan verka inn. Det kan også bli for få elevar, og då må me vurdera det, men nei, eg vil ikkje talfesta noko nedre grense. 8. Me har hatt ein praksis i det siste med å gi tilskot til alle, og eg ønskjer nok at me spissar meir. Kanskje kan me vera rausare på tilskot til nyetablerarar, men eg vil nok vekk frå at alle skal få og færre heller får meir. 9. Må me kutta, må det bli på det som ikkje er lovpålagde oppgåver. Då er tilskot til frivillige lag og organisasjonar ein ting, sjølv om eg ikkje har lyst til til det. Men skulle me mista store inntekter, og me må sjå på dei store felta, er det jo omsorg og oppvekst, og då vil det fort handla om struktur. Det har eg veldig lite lyst til, så svaret mitt føreset at det skjer noko heilt radikalt som gjer at me må snu opp ned på ting. Om inntekter, kan me få meir om me legg opp til meir sjølvkost og mindre subsidiering på for eksempel vatn og kloakk. – Kva med eigedomsskatt? – Nei takk! 10. Når det gjeld å bli ein grønare kommune, heng noko på oss som innbyggjarar, men også på kommunen, som for eksempel å utnytta eit aktivt skogbruk. Det er jo landbruket og veg/båt som representerer dei store utsleppa, og når det gjeld transport, er elektrifisering og bruk av for eksempel hydrogen eit viktig verkemiddel. Men den enkelte av oss må også vera bevisste borgarar.   Bernd Elmies, Miljøpartiet Dei Grøne BERND ELMIES (55), Miljøpartiet Dei Grøne Bur på Sand, arkivar på Ryfylkemuseet 1. Eg er lyttande og inkluderande, er tålmodig og er løysingsorientert. 2. Dei tre viktigaste sakene for Suldal nå er 1. Å få til spagaten mellom nå og framtid når det gjeld økologiske utfordringar. 2. Å modernisera og effektivisera landbruket i forhold til økologiske krav og 3. Å garanterta offentleg kommunikasjon slik at folk kan velja bort bilen. 3. Skal me få fleire innbyggjarar, må det menneskelege stå fremst. Kvalitet i barnehage og skule er viktig, og eg trur det er viktig at me har eit bra kulturhus og får badeanlegg. Så må me også ha treffsikker og driftssikker kommunikasjon til byen. 4. Når det gjeld nye arbeidsplassar, vil det grøne skiftet medføra ny utvikling, og det vil bety meir behov for småbedrifter og gründarar til å vera med på å skapa nye, klimavenlege løysingar. 5. Eg seier nei til vindmøller. Dei øydelegg uberørt natur og Suldal har alt bidratt mykje til vasskraftutbygging. 6. Det viktigaste Suldal kan gjera for barn og unge er å ha gode barnehagar og skular, og med det meiner eg nære, trygge og desentraliserte. Og så er det viktig med ei god barnevernsteneste. 7. Spørsmålet om ungdomsskulen handlar om at me står i ein spagat mellom ønsket om nærleik og krav til kvalitet. Eg er moden for å tenkja flytting for ungdomskulen på Nesflaten. Når det gjeld barneskulane, meiner eg det er viktig at framtida der blir diskutert mellom kommune og foreldre, slike avgjerder bør kunna diskuterast. 8. Hovudkriteriet for å få støtte frå Ulla-Førre næringsfond bør vera økologisk berekraft og planar for grøn omstilling. Eg synest me skal priortera bedrifter som har minst utslepp i naturen og nedprioritera dei med store utslepp. 9. Må eg kutta, vil eg helst ta pengar frå vegdrift og administrasjon og helst ikkje ta noko frå det desentraliserte kjerne-tenestetilbodet. Me kan også vurdera eigedomsskatt for hytter og hus. 10. Suldal kommune kan enkelt bli grønare, det er eigentleg berre å gjennomføra alt det kommunen eigentleg har vedtatt i sine planar. Når det gjeld renovasjonsordninga, må ein også spørja om det verkeleg er rett å gå for det som gir den lågaste prisen uansett. Kanskje er det betre å gå for re- novasjonsordningar med betre kvalitet. Me treng å sjå naturen som noko med eigenverdi, og når det kjem til planane kommunen har for dette, er eg veldig begeistra for tekstane, så er det berre å få det gjort då.   Kari Vaage Gjuvsland, Arbeidarpartiet KARI VAAGE GJUVSLAND (57), Arbeidarpartiet Bur på Suldalsosen og arbeider som konsulent på kommunens servicetorg 1. Eg tåler å stå i ting, tåler ein trøkk, eg er sta og eg er raus; når du er ordførar, må du bry deg om alle. 2. Dei tre viktigaste sakene er barn og unge; at me gir gode tenester i skule og barnehage, der er vårt viktigaste rekrutteringsgrunnlag. Så næringsutvikling og under dette sjølvsagt veg og kommunikasjon i brei forstand. Me må få tak i kompetanse og arbeidsplassar, og me må vera ute og fanga opp ting som kan vera viktig for Suldal. Det er eit ansvar som stort sett kviler på ordførar og rådmann, derfor vil me ha ein nærings/samfunnsutviklar. Helse og omsorg; at me kan levera gode tenester på t.d. legekontoret. Gamle folk som har tent landet, må ha det godt. Vil dei ha det heime, skal dei få det, vil dei ha på sjukeheimen, skal dei få det. 3. Å få fleire innbyggjarar handlar om å ha gode skular og barnehagar til god pris, fine tomter og gode prosessar på tilsetting. Me må by oss fram og snakka oss fram! 4. Når det gjeld arbeidsplassar, må me vera på når noko skjer og marknadsføra oss. Bedrifter slit med å få tilsett, me må visa fram alt me kan tilby her. Lærlingplassar er viktige, både i kommunen og næringslivet elles og der har alle eit ansvar. 5. Vindmøller, nei takk! Det er visuell forureining, me må heller utnytta vasskrafta betre. 6. For barn og unge må me ha gode barnehagar og skular, både sosialt og pedago- gisk og gode kulturtilbod, ikkje minst på kulturskulen. Me må støtta frivilligheita, lag og organisasjonar er ein veldig viktig berebjelke! 7. Ungdomsskulen på Nes skal få vera i fred desse fire åra, me har prøvd to gonger nå, og det blir for mykje støy. Barneskulane er utfordrande: Vanvik har åtte elevar og det er kort veg til Sauda. Den bør ikkje bli mindre. Når det gjeld barneskulane er det jo køyrevegen for dei minste, som er vanskeleg. 8. Ulla-Førre næringsfond er gullgjevt for å rekruttera til ny næring. Me må sjå på tilskota me gir og kanskje bli litt hardare i klypene. Intensjonen med tilskot er god og det er god psykologisk støtte, men pengane må brukast godt, og det me gjer skaper presedens. Me må nok sjå på vedtektene, det er risikokapital og skal vera det. 9. Å kutta er veldig vanskeleg når me gir tenester i alle grender. Må me ned, må me redusera der, og då tenkjer eg skulen i Vanvik. Kanskje må me tenkja meir skyssing i ein slik situasjon. Me har jo ikkje noko Sareptas krukke. Og sjølvsagt ville eg også sett på ikkje lovpålagde tenester. 10. Me køyrer jo mykje her, for det er ikkje flust med kollektivtilbod. Kanskje kunne me fått til ein suldalsvri på Hent meg-ordninga der folk kan ringa etter bussen? Me må oppretthalda kulturlandskapet og jordbruket, me må vera villige til å gå ned på konsesjonskrafta, men så er det også slik at vasskrafta er jo grøn. Flisfyring tenkjer eg er bra, og det kan også gi leveveg og inntekter for bønder og grunneigarar.   Anette Opheim, Sosialistisk Venstreparti ANETTE OPHEIM (34), Sosialistisk Venstreparti Bur på Sand, arbeider som formidlar ved Ryfylkemuseet 1. Eg er god til å lytta, tar ansvar for å gjera ting skikkeleg, men kan også gi meg sjølv og andre rom til å læra av feil. 2. Miljøet er den aller viktigaste saka for Suldal, den går foran alt og må gjennomsyra alt me gjer. Oppvekstsektoren er viktig, at me har nok lærarkrefter i klasserommet og ikkje berre på papiret. Og så er det viktig at me har ein inkluderande, mangfaldig kommune, at me har positive haldningar til folk som kjem hit. Uformelle møtestader der folk kan treffast er viktig. 3. Å få fleire innbyggjarar hit, heng også på det eg sa i punktet over. Det må vera lett å få vener og å komma inn i sosiale relasjonar. Me må også ha jobbar og som regel to stykk til kvar familie som kjem. Det er viktig at kommunen gjennomtenkjer kva den kan gjera for å bidra her, og me ønskjer fleire stillingar. 4. Når det gjeld arbeidsplassar, trur me at grøn omstilling vil gi ein marknad for fleire. Suldal må bruka ressursar på denne type arbeidsplassar slik at me kan hausta av det seinare. 5. Eg seier nei til vindmøller, nå er det heldigvis eit mykje høgare medvit om økosystemet og verdien av naturmangfaldet. 6. Når det gjeld barn og unge er me og eg spesielt opptatt av familiar med lågare inntekter enn andre. Me ønskjer å ha ordninga kulturkortet, som gir barn som treng det, rimelegare kulturskule/idrettstilbod. Me ønskjer også ei låneordning for dyrt utstyr til fritidsaktivitetar/sport og me vil at barnetrygda fortsatt skal vera halden utanfor berekninga av sosialhjelp. 7. Personleg er eg mest for at ungdomsskuleelevane på Nesflaten får vera saman med resten av elevane på Sand, men eg ser også motargumenta og om denne vanskelege saka er det delte meiningar i partiet. Eg ser at det blir eit tap for bygda og at for dei lengst vekke blir det veldig langt. Men pedagogiske og sosiale grunnar gjer at eg hamnar på mitt standpunkt. Barneskulane vil eg skal vera som dei er i dag. 8. Ulla-Førre næringsfond vil eg retta inn mot grøn omstilling for etablerte og nye bedrifter, slik at me kan ta steg mot å bli ein nullutsleppskommune. 9. Viss me må kutta, vil eg ta på administrasjonen, ikkje helse/omsorg eller oppvekst. Skulle me gått for eigedomsskatt, måtte det vore eit høgt botnfrådrag slik at me ikkje ramma vanlege folk og familiar. 10. Strenge miljøkrav i kommunens offentlege innkjøp og når det gjeld anbodsprosessar, må det også vera miljøkrav som veg tung, det har det ikkje vore på for ek- sempel Suldal Bad. Livsløpskostnader må telja meir enn anskaffingskostnadene ved investeringar. Å tenkja grønt er både nødvendig, men også det einaste økonomisk forsvarlege for framtida, mens Amazonas brenn, er me i Norge opptatt av bompengar.   Torbjøn Indrebø, Kristeleg Folkeparti TORBJØRN INDREBØ (50), Kristeleg Folkeparti Bur på Suldalsosen, arbeider som fengselsoverbetjent i Sandeid fengsel 1. Eg er rimeleg framoverlent når det gjeld å påverka andre. Eg kan snakka for meg så andre lyttar og så kan eg både snakka og lytta og ta til meg. 2. Eg brenn for veg på fleire frontar, alt frå forholdet mellom harde og mjuke trafikantar, ein rasutsett veg utan gang og sykkelsti er risikosport! Når Ryfast opnar, blir rv 13 den raskaste vegen aust-vest og vil få meir trafikk; me må få den rassikra og utbetra. Hurtigbåten. Den er ein veldig god båtveg til Stavanger, men også veldig viktig for ungdommane våre og for rekrutteringa. Og me må ha fokus på kvalitet i skulen. Skulen er god, men kan bli betre. Då tenkjer eg på kompetente lærarar, ein trygg skule og så må skulen hengja med i den teknologiske utviklinga; ting må virka, me er i 2019. Sjølv om me er ein bakgard, må me vera attraktive for lærarkrefter. 3. Å få fleire innbyggjarar handlar om å vera attraktive på teknologi for å etablera bedrifter, for eks. å ha gode fritidstilbod, og så handlar det også om oss som alt er her, at me strekkjer oss for nye, og at me framsnakkar eigen kommune. 4. Me skal ha nytenking for å få fleire arbeidsplassar og ny næring, men kommu- nen skal ikkje alltid starta ballet. Me må ha ein god idé og folk som er villige til å gi på, og så må kommunen vera på lag og leggja til rette. Kommunen skal vera lagspelar, men ikkje ta heile risikoen. 5. Nei til vindmøller. Suldal står alt for mykje kraftproduksjon. Eg er ikkje heilt imot vindmøller, det avheng av kor, når og korleis. 6. Det viktigaste Suldal kan gjera for barn og unge, er at det er trygge rammer for oppvekst. Barn og unge skal bli sett og høyrt av foreldre, men også av andre. Me er gode på å vera eit gjennomsiktig samfunn og me får fram utruleg flotte ungdomskull, år etter år. 7. Nesflaten ungdomsskule bør ikkje nødvendigvis flyttast til Sand, det avheng av at det ville gitt betre læring og sosialt miljø. Eg trur u-steget på Nes etterkvart vil hamna på Sand. – Dersom forslaget kjem, vil du stemma for det? – Ja. Når det gjeld barneskulane, har me nok i overkant mange av dei og må nok sjå på det. Det er veldig viktig å klara å ha kompetente lærarar til alle skulane. 8. Ulla-Førre næringsfond kan eg for lite om til at eg kan seia så mykje om det. 9. Me har eit kjempebra kulturtilbod, men det er kanskje i overkant representert på budsjettet, og me bør sjå på korleis pengane blir brukte. Eg utelukkar ikkje eigedomsskatt, men den må ramma rett og måtte omfatta både hus og hytter. 10. Eitt av dei viktigaste politiske områda! Skal Suldal som samfunn bli grønare, må kommunen gå føre og vera tøff. Som med å leasa elbilar, få ladestasjonar. Kunne det vore ein idé at kommunen kunne gitt alle innbyggjarane handlenett? Men alle har også sjølvstendig ansvar, for eksempel med å kjeldesortera.   Sverre Underbakke, Høgre SVERRE UNDERBAKKE (60), Høgre Bur på Sand og arbeider med eigedomsutvikling og taxi-drift 1. Berre tre? Hehe. Eg får ting gjort; eg likar å gjennomføra noko når det først er be- stemt, eg er positiv og eg likar nye ting og utvikling. 2. Dei tre viktigaste tinga er å behalda arbeidsplassar og å utvikla nye, å oppretthalda befolkningsgrunnlaget i grendene rundt om i kommunen og å ha ei kommunal drift som gjer at me kan oppretthalda og/eller utvikla dagens tenestetilbod. 3. Hadde eg svaret på det, var eg ordførar for lengst, hehe! Å flytta vekk funksjonar frå Suldal er i alle fall ikkje positivt. Me må gripa fuglar i lufta og skapa bulyst gjennom å visa oss som attraktive. Berre tenk på tur og rekreasjonsmoglegheitene me har nært på oss her! At folk trivst er veldig viktig. 4. Me kan ikkje vedta nye arbeidsplassar. Me må leggja til rette for at gründarar må få utvikla seg, utan at me skal sy puter under armane på folk. Som kommune må me ikkje gi så mykje støtte at folk mister kreativiteten. 5. Nei. Vindmøller øydelegg heiaområda og skaper sår i naturen. 6. Å sikra eit godt oppvekstmiljø. Det handlar om trivsel og der vil eg trekkja fram gang- og sykkelstiar, som strekninga Lunde-Underbakke, som me har i programmet. Det handlar om at ungane kan gå på fritidsaktivitetar, og då meiner eg bokstaveleg talt å gå. Barn skal føla seg trygge og ha det godt på skulen og i barnehagen, det handlar om å skapa gode minne og røter til Suldal, som igjen kan bli viktig for om folk vel å flytta tilbake hit. 7. Ungdomsskulen på Nesflaten bør til Sand. Eg forstår alle argument, men me kan gi så mykje meir både sosialt og pedagogisk i eit større miljø. Når det gjeld barneskulen vil eg behalda dagens struktur som nå, om ein heilt utenkt x-faktor av type brann eller andre heilt spesielle omstendigheiter av den typen skulle inntreffa, må me jo forhalda oss til det. 8. Ulla-Førre næringsfond skal leggja til rette for nyutvikling. Det bør ikkje vera noko mål å behandla alle likt eller å smørja brødskiva tynt. Eg meiner færre bør få meir hjelp kvar. 9. Vanlegvis blir ein rik av å spara, ikkje av å tena, og det kan vera vanskeleg å spara. Me kan spara årsverk, men då går me glipp av skatt. Eg vil heller effektivisera i administrasjonen enn å ta av tenestetilbodet i grendene. 10. Me kan bli ein grønare kommune av at kvar enkelt tenkjer oss om og gjer rette val. Som kommune må me passa oss for ikkje å gjera det for innvikla, for dette handlar om kost/nytte – symbolpolitikk hatar eg! Enøk i kommunale bygg er viktig. Når det gjeld el-bilar må ein køyra langt før ein set eit grønt avtrykk. Mi innstilling til dette er at det me gjer er viktigare enn det me seier.   Nils Bjarne Vold, Venstre NILS BJARNE VOLD (66), Venstre Bur på Suldalsosen og driv Vikane Hyttetun 1. Eg er utadvendt, lyttande og eg er utolmodig. 2. Dei viktigaste sakene for Suldal er at me får inn optimismen igjen, gjer oss attraktive og får auka folketalet, kommunikasjonar, særleg rassikring og bevaring av hurtigbåttilbodet og næringsutvikling. Men alt heng saman med første punkt. På 80- og 90-talet var Suldal eit fyrtårn på skule, og me treng å gjenreisa den begeistringa. 3. Å få fleire innbyggjarar er ikkje noko sesam sesam-operasjon, det finst ikkje noko eintydig svar, men punkt ein er at me er attraktive på ting som løn, gode tomter og på kultur og fritid. Det handlar om heile livet og me må levera på heile fjøla. Derfor føreslår me i Venstre ein integreringskonsulent som kan pusha på i dette arbeidet. 4. For å få fleire arbeidsplassar må me ha eit apparat som er så velsmurt at det ikkje hindrar gode idear og gründarar, me må vera ein hurtigmiksar. Suldal Vekst skal vera den staden der dei med gode idear får hjelp, og me må bruka dei. Me må også bruka vasskrafta vår, både til foredling lokalt og på at me brukar inntektene me har frå den til nyutvikling. 5. Vindmøller; nei! Me har alt avgitt natur til kraftutbygging og treng ikkje ta meir. 6. For barn og unge er det viktigaste at me har ein god barnehage og skule der me har nære, dyktige og engasjerte lærarar og tilsette. Me skal ha ein god, variert kulturskule og så må me tilretteleggja for lag og organisasjonar. Me føreslår i programmet vårt ein kunst og kulturplan for å til dømes sjå på korleis me kan få tilpassingar som gjer kulturskuletilbodet endå meir fleksibelt og korleis dagens støtteordningar verkar. 7. Ungdomskulen på Nes bør bli på Nes. Nes er ein utkant i utkanten og skulen er så viktig i bygda, også med tanke på rekruttering til Hydro. Det kan vera vanskeleg å driva ein så liten skule, men resultata er gode. Om barneskulane; det var leit at me ikkje klarte å samla skulen og barnehagen på Ropeidhalvøya, men eg vil oppretthalda dagens barneskulestruktur. 8. Når det gjeld næringsfondet, er eg lyttande. Det er ikkje rett slik me nå strøyer ut tilskot og lån. Fondet må nyttast betre, me må vera klarare i prioriteringane våre, prioritera prosjekta me har tru på og me kan godt spissa det inn mot grøn teknologi. 9. Eg sa nei til badet for fire år sidan, men nå kjem det og demenssenteret på Osen kan me ikkje kutta ut. Administrasjonen er det også lite å gjera noko med. Me kan setja ut nokre tekniske tenester, men det er nok ikkje så mykje å tena på det. Eg ville vurdert tilskota til laga, medlemskapa kommunen har rundt om, og når det gjeld struktur, kan me spara på å slå saman skule/barnehage på Ro- peidhalvøya. 10. Me kan bli ein grønare kommune ved å følgja Venstres program om alternative energikjelder, me må ta omsyn til heia i hytteutbygginga og tilretteleggja for å henta ut meir energi frå eksisterande småkraftverk. Me kan bruka meir bygnings-materiale av tre og så vil me ha eit miljøfond som kan gi støtte til gode tiltak.