Krafthjartet Suldal 


Krafthjartet Suldal 

Ære være dei som har bidratt til at Suldal si rolle som kraftprodusent får prime time-tv ein måndag kveld, som tilfellet var då Norge Nå rigga seg til med studio på Nesflaten. Der fekk lokale aktørar visa fram kva verdiskaping som skjer her og kva kulturelle skattar som har følgt med. Krafthistoria vår er stor og sterk, men er på langt nær så eksponert og løfta som det den fortener. Potensialet for eit nytt krafteventyr i Ryfylke og Rogaland var tema for Ryfylke IKS sitt seminar på Spahotellet på Hjelmeland nyleg. Den nye datateknologien treng store mengder kraft, og som det blei sagt på Hjelmeland; kva meining er det i at me eksporterer vasskraft til Danmark slik at dei kan kapra datagigantar som vil ha grøn kraft? Det var tendensar til datasenter-feber i Suldal då ideen kom om å få lagt svart fiber i Statnett sin likestraumskabel frå Kvilldal til England. Slik blei det som kjent ikkje, nå har Ryfylke IKS fått med seg sterke aktørar på ein fiberkabel som skal gå parallelt og som skal landa på Rennesøy og datasenteret Green Mountain. Etter den tid har leiinga i Suldal tatt innover seg ein del bøtter med kaldt vatn når det gjeld  sjansane for å tiltrekkja seg datasenter-aktørar.  Naboskap til Norges største kraftstasjon Kvilldal er ikkje noko sesam-sesam. Det er ei rekkje faktorar som skal vera på plass før den utpeikte tomta på Skogadn i Kvilldal er klar. Men Green Mountain-sjef Kristian Gyland hadde med seg ein heftig tankevekkjar til Spahotellet. Han seier enkelt og greitt at eviglange saksbehandlingstider og sirup-byråkrati er det største hinderet for etablering. Green Mountain valde Tinn kommune og Rjukan då dei etablerte ein filial, rett og slett fordi dei klarte å byggjesaksbehandla på under eit døgn. Små kommunar slit i mange motvindar, men viss det er noko ein verkeleg bør kunna, er det å snu seg på ein femøring og å kutta svingar nok til at tempoet kjem opp. Bransjeforståing er også eit must; å forstå nok til å vera fleksibel. Gyland trekte på skuldrane til problemstillingar som fiber og transformatorar og konstaterte at det blir det alltids ei råd med. Suldal har ingen grunn til å trekkja seg frå kamparenaen om vår del av det nye krafteventyret. Me må selja oss inn som ein stad der det meste er muleg, nettopp fordi me ikkje slit med stordriftsulemper.