Knallhard kritikk mot rådmannen, nå vil politikarane ha alle fakta på bordet før dei vedtar meir


Knallhard kritikk mot rådmannen, nå vil politikarane ha alle fakta på bordet før dei vedtar meir

Det planlagde sentralkjøkkenet som skal vera eit viktig nav i Framtidas omsorg i Suldal, er blitt noko av ei verketå for administrasjonen. Kan ikkje byggja som tenkt For etter at kommunestyret avgjorde at sentralkjøkkenet skal liggja på Sand, der dagens kjøkken på sjukeheimen var tenkt utbygd, er det blitt klart at det ikkje er teknisk muleg å laga storkjøkken på sjukeheimen.Det blei kommunestyret orientert om i juni og rådmannen peikte då på Suldalsosen og det planlagde omsorgssenteret der som eit alternativ. Kommunestyret ville også ha fram eit alternativ på Sand. Tidspresset Denne veka kom rådmannen tilbake til politikarane med to alternativ. Eitt der kjøkkenet blir eit frittståande bygg til omsorgssenteret på Suldalsosen, og eitt der kjøkkenet blir eit frittståande bygg nedanfor Bjødnateigen ved urtehagen og parkeringsplassen. Begge til rundt 29 millionar kroner. Men siste delen av prosessen har stått i hardt tidspress. Først samme dag som administrasjonen skulle senda ut saka til dei folkevalde, hadde dei skissealternativa frå planleggjar Omega as i hende grunna ferieavvikling der. – Malte inn i eit hjørne Politikarane er langt frå nøgde. Då formannskapet møttest i går, redegjorde dagens vara for Høgre, Sverre Underbakke, for kva levekårsutvalet var blitt samde om dagen før. Kort fortalt vil politikarane ha ei totalutgreiing sjukeheimsbygget og sjå på sentralkjøkken som del av dette. Bakgrunnen er ønsket om å få visse for at bygget kan serva si hensikt som institusjon for somatiske pasientar i framtida. Underbakke var svært klar på at dei folkevalde hadde forventa at administrasjonen visste korvidt det faktisk var muleg å ha sentralkjøkkenet der det var sagt det skulle vera. – Me manglar kompetanse på samhandling i utbyggingsprosjekt, nå er me malt inn i eit hjørne. Her er det stor lærdom for både rådmannen og andre, sa Høgre-mannen, som gjorde det klart at dei folkevalde i levekårsutvalet meiner ein nå må bruka den tida som trengst for å få gode løysingar. Eldrerådet protesterer framleis på sentralkjøkken Det var det stor semje om rundt bordet i formannskapet. Der kom det synspunkt på alt, frå mulege plasseringar både på Suldalsosen og Sand, løysingar for overgangsordningar og andre detaljar. Men også motstanden mot eit sentralkjøkken blei tema. Eldrerådet er svært kritiske til tanken og karakteriserer det som skuffande at ein av Norges rikaste kommunar ikkje har råd til eit kjøkken på begge institusjonane Suldal får. Dei meiner mattilbodet for heimebuande eldre heller kan løysast gjennom avtalar om Fjordland med dei lokale forretningane i grendene. Rådet for funksjonshemma saknar også at to kjøkken blir utgreidde og kritiserer i sin uttale også ei innstilling dei meiner verkar uferdige og prega av hastverk. Frustrert over fakta-nivået – Ingen har bemerkt desse uttalane, etterlyste Berit J.Haugsland (Sp), mens partifelle og ordførar Gerd Helen Bø minna på at det finst ein økonomisk ambisjon på ei innsparing tilsvarande 700 000 kroner. – Men når dei har uttalt seg, får me vel vera såpass at me kommenterer det, meinte Haugsland og sette fyr i Svanhild Løge Skålheim (KrF). Ho fortvilar over det ho meiner er usanningar og fakta-mangel om kjøkkensaka. – Hadde det som blir sagt på bygda om sentralkjøkken vore sant, hadde eg aldri gått for det. Me, som sit her, veit at ein ikkje treng å vera redd for mangel på god og næringsrik mat. Dei peikar på gamle fakta, og me kan ikkje ha alle ekstrarundane på dette. Ja, her er ei innsparing, men det me først og fremst skal, er å auka valfridommen og spreia den til heile Suldal, sa ei svært engasjert Skålheim. Ho minna om det også på omsorgssenteret på Suldalsosen blir eit avdelingskjøkken der den ferdiglagde maten blir budd og servert. – Rådmannen har «drite seg ut» Og Underbakke, som også kasta fram tanken om at kanskje Suldal må få matleveranse-hjelp frå Hjelmeland ei stund, om det skulle trengjast, sa han nå forventar at rådmannen brukar kreativiteten sin. – Rådmannen har drite seg ut, men har sjansen til å retta det opp. Kanskje viser det seg at me må riva delar av sjukeheimen, då vil me ha plass til storkjøkken der. Og 5.september har kommunestyret siste ord.