Kick-off på Klepp


Kick-off på Klepp

Helga blei toppa då laget fekk vera balljenter og maskotar i kampen mellom damelaga til Klepp og Lillestrøm, som blei direktesendt på TV. Misunnelege gutar Trenar Odd Magne Hetlelid fortel om meldingar som tikka inn etter kvart som venner og besteforeldre såg dei unge erfjordspelarane i TV-ruta. – Det var nok mange misunnelege gutar i bygda som gjerne ville ha vore med på denne opplevinga, smiler trenaren så me høyrer det på telefon dagen der på. Nystarta lag Jentelaget, der spelarane er mellom ti og tolv år, starta i vår og spelar mot andre jentelag i Nord-Rogaland. – Me spelar mot lag frå Vindafjord, Etne, Haugesund og Vats. Me har vunne, tapt og spelt uavgjort, og sesongen varer ut oktober, fortel Hetlelid. Før haustsesongen ville dei finna på noko kjekt i lag, og med fotballkjende i Klepp, blei dei inviterte til Jæren. Mykje kjekt Det blei ei innhaldsrik helg for fotballspelara- ne frå Erfjord. Etter bowling og pizza i Stavanger, enda dagen på Klepp. Der hadde Klepp-trenarane ordna med gratis overnatting på klubbhuset til Norsk Folkehjelp. Søndagen starta med frukost på Klepp-huset før trenaren til Klepp sitt damelag hadde ei treningsøkt på banen med jente-laget. Så var det ein kjapp tur i dusjen og rett på trampolinepark og Burger King, før oppgåva med å vera maskotar og balljenter for Klepp-damene venta. Den kampen enda uavgjort 1-1. – Ei fantastisk fotballhelg, fortel trenar Hetlelid og rosar Klepp for måten dei stilte opp på.