Junker-dobbel bak ny Glimt-siger


Junker-dobbel bak ny Glimt-siger

Bodø/Glimt slo tilbake etter tapet for Molde sist helg, og slo Mjøndalen 2-0. Mjøndalen baud Glimt på god motstand, men Kasper Junkers to mål gav serieleiaren tre nye poeng, og framleis 16-poengsleiing på tabellen når åtte kampar står att. Det første kom på straffe etter 16 minutt. Junker måtte bruke to forsøk, men scora sitt 13. mål for sesongen. Det 14. kom midt i andre omgang då Mjøndalen jakta utlikning. Junker runda alle, også keeper, og trilla inn 2-0. Mjøndalen ligg dermed framleis på nestsisteplass.
Les mer om: