Ingen supersprint i Holmenkollen


Ingen supersprint i Holmenkollen

Den nye skiskyttarøvinga supersprint, som skulle fått sin verdscupdebut i Holmenkollen komande sesong, er utsett til seinare. Sportssjef Felix Bitterling i det internasjonale skiskyttarforbundet seier til NRK at dei skal prøve ut øvinga med lengre løyper og utan ekstraskot i IBU-cupen komande vinter. Bakgrunnen for utsetjinga er mellom anna innspel frå dei aktive.
Les mer om: