I kveld blir det kinokveld på Torjå


I kveld blir det kinokveld på Torjå

Kulturhuset har like godt rigga til storsalen ute i det fri. Fredag ettermiddag er det gedigne kinolerretet komme på plass, og under torgparasollane er det sett opp stolrekkjer i ly for regnet. Men blir det slik meteorologane melder på Yr.no, vil det letta til kvelds. Singing in the rain og Askeladden To kinoframsyningar står på programmet. Først ut er Askeladden – I Soria Moria slott. Det er ikkje fritt for at det vil bli ei eventyrleg og trolsk stemning når haustmørkret set inn idet filmen startar. Før filmstart blir det arrangert skatte-jakt. Når det er snipp, snapp snute for Askeladden, er det klart for gresk gjensyn. Då er det Mamma Mia! Det vil seia song-versjonen av filmen som kom i 2008. Med andre ord romantikk, humor og ABBA-songar ein aldri blir lei.
Les mer om: