Hurtigbåten til Stortinget med 360 papirbåtar


Hurtigbåten til Stortinget med 360 papirbåtar

Kombinasjonen Stortinget og papir er på ingen måte uvanleg, men måndag var det duka for ein uvanleg vri. Då fekk leiar for rogalandsbenken, Tina Bru (H) ein armada av papirbåtar i fanget av Anette Opheim, som er førstekandidat for SV i Suldal. Kampen om fordelingsnøkkelen Heile 360 papirbåtar er signerte i Suldal og Sauda på initiativ frå SV-laga i dei to kommunane, og det handlar sjølvsagt om hurtigbåten. Aksjonen har som mål å få endra regjeringas nye fordelingsnøkkel for båtar, som altså medfører at Rogaland fylkeskommune mistar 90 millionar kroner til drift av hurtigbåtrutene og som set rutene til Sauda og Sand i fare. Opheim fortel at Bru lova å ta opp saka med resten av rogalandsbenken for å jobba med saka inn mot haustens budsjettprosess på Stortinget.