Hovland avslutta forrykande


Hovland avslutta forrykande

Viktor Hovland avslutta med birdie og leiar nå PGA-turneringa i golf i Puerto Rico før søndagens avslutningsrunde. Hovland låg på delt leiarplass før laurdagens tredjerunde, men med godt spel la han alle konkurrentane bak seg. Han varta opp med heile åtte birdiar og kan nå ta sin aller fyrste siger på PGA-touren. Åtte slag under par på runda og totalt 18 slag under par i turneringa er fasiten etter endt spel laurdag.
Les mer om: