Hesselberg har flytta frå Sola til Klepp


Hesselberg har flytta frå Sola til Klepp

(NB: Dette kan være en forkortet versjon av teksten uten tilleggsinnhold som faktabokser, bilder, videoer og mer. Vennligst besøk nettsiden for å lese komplett innhold.)Ein totalleverandør av truck og ein leverandør av nye og brukte spesialmaskinar, med tilhøyrande utstyr, er på plass i nye lokale i næringsparken. Begge selskapa er del av det same Hesselberg-konsernet.- Eg vil takka eigarane våre, som er villige til å satsa så stort. Eg tek det som ei stor tillitsfråsegn til dei tilsette. Me flyttar inn i eit toppmoderne bygg, tilpassa drifta vår og framtidig vekst, seier prosjektansvarleg for konsernet, Erik Solås, under overtakinga. Nybygget rommar verkstad, lager, vaskehall og kontor for Hesselberg Maskin og Hesselberg Truck. Eigar og inntil nyleg administrerande direktør i konsernet, Bjarne Corwin, seier at bygget skal fungera som mal for eit nytt distriktskontor som skal oppførast i Trondheim neste år.Stavanger-avdelinga til Hesselberg har halde til i leidde lokale i Sola, fram til leigekontrakten gjekk ut. Flyttinga er i tråd med ein ny strategi for vekst i selskapet, som går ut på å eiga bygga dei held til i. Skryt av utbyggjaren- Per Steinar er ein gründer som leverer kvalitet i alt han gjer. Kverneland næringspark, som me nå er blitt ein del av, er verket hans. Me er veldig glad for å bli ein del av parken, seier Solås om eigaren og utbyggjaren av næringsparken, Per Steinar Lothe.Kjøpet av den 5500 kvadratmeter store tomta på Kverneland Næringspark vart kunngjort 1. oktober i fjor. Totalentreprisen har enda i eit nøkkelferdig bygg med grunnflate på rett i overkant av 1000 kvadratmeter. Utandørs er det laga eit demonstrasjonsfelt på rett i overkant av 400 kvadratmeter. - For å seia det rett ut, var Kverneland næringspark i ein trengt situasjon for godt og vel eitt år sidan. Eg hadde 70 mål areal som ikkje var selt, grassat med gjeld i banken, og ei jente i banken som var nervøs. Så greidde eg å selja 15 mål til Norsk Stål og fem og eit halvt mål til Hesselberger, seier Lothe sjølv. Nybygget til Hesselberg på Kverneland. Foto: Snorre Standish Norheim Totalforandring på eitt år - På eitt år forandrar heile parken seg, frå å vera ein startpark til å vera ein etablert park, seier Lothe, som tykkjer året nesten er for godt til å vera sant, seier Lothe.Seinare i år får Hesselberg naboskap av Norsk Stål. Akva Group er på veg inn i nytt bygg, medan KVX kom inn tidleg og har vore eit anker i parken.- Eg seier tusen takk til alle i Hesselberg, og håper inderleg at de trivest. Eg kjem tilbake om tre år for å kontrollera, for eg veit aldri om det eg leverer til kunden er optimalt før om tre år.Bjarne Corwin, eigaren av Hesselberg, prisa Lothe for å vera ein av dei få siste gentlemen som er att i bygg- og anleggsbransjen. - Det er ikkje sånn business blir gjort i bransjen lenger, men Per Steinar, du har gjort det og vist det, og me ser kva du har skapt her, seier Corwin.