Harm og Hegseth kjem på Hjertebank-fest


Harm og Hegseth kjem på Hjertebank-fest

Kvart år reiser Sparebanken Vest ut til utvalde stader på Vestlandet, og i år får indre Ryfylke bankbesøk med mange pengar i utdelingssekken i tillegg til seks andre område. Heile ein million kroner er lagt i potten som nå skal fordelast til lag i Suldal og Sauda. Siste frist for å melda seg på i kampen er 8. september. Kven som stikk av med pengestøtta, blir gjort kjent på ein gratiskonsert i oktober i Saudahallen, der Harm og Hegseth er konferansierar. Mange suldalssøknadar Ifølgje nettsida til banken har fleire lokale lag og foreiningar frå Suldal sendt inn søknad. Mellom anna Arbeidsskulen på Eide, Erfjord skulekorps, Fjellbjørka 4H, Fritidslokalet på Suldalsosen, Hylsfjorden IL, IL Sand, Kilen vel/Øvre Suldal Badeklubb, Osen vel, Ropeid bygdekvinnelag, Sand bedehus, Sand/Suldal skyttarlag, Suldal husflidslag, Suldal IL, Suldal KFUM-KFUK, Suldal Røde Kors, Suldal samfunnshus og Sveahaugane velforening. Det er ein lokal jury som vurderer søknadane. På kvar stad Hjertebank kjem til, er det åtte til ti prosjekt som får pengar.