Godt stell gir godt sauekjøt


Godt stell gir godt sauekjøt

Temadagen Suldal sau og geit har invitert til på Træ Gården i Sandsbygda, er fullteikna. Det er eit tettpakka program, men også rigga plass til det sosiale med middag på kvelden, der sjølvsagt sau og lam er på menyen. Godt liv Slaktar og forsandbu Stian Espedal er medarrangør og kurshaldar. Norturaslaktaren er godt kjent blant suldalsbøndene. Han er klar på at dyrevelferd skal vera i hovudsetet i heile sauen sitt liv. Ja, alle dyr, ikkje berre sau. I eine enden av lokalet står eit velfylt bord med bøker og anna fagmateriell om mellom anna sau, dyrehald og slakting. Denne dagen er det ikkje berre teori på planen. Klauvskjæring, avliving og slakting blir også demonstrert. Praktisk Bøndene er samla i ring rundt Espedal, som viser boltepistolen ein brukar til å bedøva og avliva dyr. Lading og avtrekket, men også om korleis delane kan takast frå kvarandre. Tips og råd om vedlikehald, pussing, reingjering og rett oppbevaring, blir lært vidare. – Jo lenger tid mellom, jo betre, seier Espedal om bruken, men når den må i bruk, bør ikkje berre pistolen vera klar, men bøndene vera trygge og sikre i det dei skal gjera. Det er ikkje alltid at ein dyrlege eller gardsnabo som kan utføra det, er i nærleiken. – Poenget er at når ein må bruka boltepistol, treng ein vita korleis den fungerer og korleis ein held den og kor ein plasserer den. På golvet ligg den ein haug med sauehovud som deltakarane kan øva seg på. Å vera sikker i det ei gjer – Ein god slaktar er glad i dyra og sikker i det han gjer. Espedal fortel kva ein må tenkja på når det gjeld plassering av pistolen, ikkje berre når det gjeld storleiken på sauen, eller geita, men også om dei har horn eller ikkje. Han demonstrerer på eitt av hovuda. Eitt av dei andre sauehovuda er delt i to. Han opna det og viser kor hjernen ligg. – Visste de at hjernen kan brukast til garving? Fleire nikkar. Be om hjelp Den erfarne slaktaren har full forståing for at dette ikkje er noko alle sauebønder tykkjer noko om. Men når det må til, bør kunnskapen og tryggleik sitja. – Om du ikkje likar det, få hjelp av nokon. Espeland har på tidlegare kurs erfart at ikkje alle, heller ikkje bønder, klarer å stålsetja seg når eit dyr må avlivast. Før ein levande sau blir henta inn, rår han deltakarar som kan få problem, til å stilla seg bakarst. Slakting Heilt roleg, og med stø hand viser Espedal boltepistolen i bruk. Det går ikkje mange sekunda før sauen er daud. Eit stikk i halsen tappar blodet frå dyret. Før flåinga, hiv slaktaren på seg ei kvit skjorte. Han startar fremst på dyret, legg eine olbogen inntil vomma og dreg skinnet nedover. Det ser så lett ut. Vidare viser han korleis han gjer det rundt beina. – Eg sagar den alltid opp før eg heng den opp. Bruk heile dyret Eigar av sauen, Torbjørn Nordmark, hjelper til med å heisa opp slaktet. Hygiene er viktig. I den svarte plastkassen der blodet er samla, fer også hovudet. – Har de smakt sauehovud? – Nei, kjem der frå fleire. – Det er vanvittig godt. Det er meir mat på det enn ein trur. Bruk heile dyret!, oppmodar han. Helsesjekk –Ta deg tid til å sjå på organa for å sjekka helsa til sauen, om den har vore sjuk. Det blir ein liten biologitime idet Espedal skjer ut og viser dei ulike organa. Levera er eit organ han fint kunne brukt som mat, men ikkje alle deler den smaken. – Har sauen hatt leverikter, spør han Nordmark, som nikkar. – Ja, i fjor. – Eg ser du har stelt han godt. Fleire vil sjå levera i nærare augesyn. Hjarte, milt og lunger Det neste Espedal hentar ut er mellomgolvet, eit organ som har fint kjøt og innan fagspråket blir kalla slaktarbiff. Hjarte er også ei delikatesse. – Eg plar snitta det, steikja det på panna med salt og pepar. – Her er milten. På den kan ein sjå om dyret har hatt flåttsjukdom. – Blir dette du gjer nå, sjekka på slakteriet, spør ein bonde. – Noko, men ikkje alt. – Lungene er eg nøye med å kontrollera. Eg ser om det er klumpa, og om desse er mjuke eller harde. Mjuke klumpar betyr at dyret har betennelse, lungebetennelse, fortset Espedal. Reprise Slaktaren studerer frampart, midtpart og bakpart på den 37 kilo tunge sauen. – Det er fine lår. Dette er god mat, ingenting gale med dette. Rådet frå slaktaren er at sauen fint kan hengja i ei veke, minst, på kjøl. – Såg det greitt ut? – Ja! – Lærte de nokre triks, lurer Espedal på. – Ja, men kan du ta det om igjen. Låtten luner i det vintergusten tar grep om okla på fleire innomhus. Sauebønder tar tak i kurshaldaren for spørsmål og råd. Men etter ein kjapp pause er det på an igjen. Sauepedikyr – Nå skal me ha litt pedikyr. Klauvskjæring er neste på programmet. Espedal demonstrerer ulike utstyr til å klippa og fila klauvene på sau. Ei god saks eller klypetang gjer mykje av jobben. – Klipp av det verste først. Her kan ein også bruka kniv. Han viser på ein av dei mange saueføtene som han har tatt med og som deltakarane kan prøva seg på. Fleire hiv seg i kast med ein heilt vanleg elektrisk multiverktøy med ein sliperondell på. Genialt og god kontroll, er dommen frå bøndene. – God klauvhelsa er viktig for sauen. Gå i gang og tren! Lone Gilje Moen tar kurshaldaren på ordet og finn seg ein klauv for å øva seg. – Dette er jo kjekkare enn boltepistolen, seier sauebonden frå Erfjord. Ho får eitt nikk frå sidekvinna, Trine Sivertsen. I Stålavika ved Suldalsvatnet har Sivertsen og sambuaren både villsau og rygjasau. Å avla fram fine sauer, er noko av det Gilje Moen likar best med sau. Men også sauen som beiteryddar! – Dei er ein naturressurs utan like, for mykje pengar er det ikkje i det. Stressless for sau Det lir på dag. Lunsjen ventar, men Espedal vil visa endå ein genial ting som lettar arbeidet for ein bonde. Ein stolliknande sak, med netting og mogleg for å stroppa eit belte over, blir testa av ein villsau frå naborommet. – Å, så fine kosejenta. Espedal klappar på sauen som ligg heilt stilt i stolen. I frisér-stolen kan ein fint få unnagjort klauvstellet utan spark og muskelmakt. – Når sauen ligg slik, kan ein også ta ein sjekk på jur og likande, er tipset frå ein saubonde. – Den kan ein jo bruka å sitja i under lemminga, er eit anna forslag. – Var det mat nå, ja?, kjem det frå instruktøren litt etter skjemaet.