Gir Suldal kommune trygge helsetenester til innbyggjarane?


Gir Suldal kommune trygge helsetenester til innbyggjarane?

Suldalsposten skreiv nyleg om ekteparet Høyland på Jelsa, og deira erfaring med det dei meiner er ein uhaldbar situasjon ved Suldal legekontor. Nå reiser Suldal Arbeidarparti spørsmålet politisk. Dei er uroa etter fleire andre bekymringar frå brukarar av kommunale helsetenester. Når ber dei rådmannen svara om helsetilbodet i Suldal er forsvarleg. Ber om tiltak I førekant av levekårsmøtet i dag, stiller Arbeidarpartiet to spørsmål som omhandlar tenester innan helsesektoren i kommune og om eventuelle tiltak som må gjerast: Har Suldal kommune per i dag eit forsvarleg helsetilbod til innbyggjarane som er i samsvar med lov om kommunale helse- og omsorgstenester? Har Suldal kommune ein forsvarleg personalsituasjon ved desse institusjonane og er denne i samsvar med krava i arbeidsmiljølova? Er svaret nei på eitt eller begge spørsmåla, vil politikarane vita kva tiltak kommunen vil setja i verk for å retta forholda. Ulike tilfeller I skrivet melder partiet at dei høyrer om fleire bekyrmringar frå brukarar av dei kommunale helsetenestene og frå tilsette som: – Utilstrekkeleg legetilsyn på sjukeheimen – Manglande opplæring av nye legevikarar – Pasientar med kronisk sjukdommar som kjenner seg utrygge i møte med stadig skiftande legevikarar – Henvisningar som ikkje vert sendt og prøvesvar som ikkje blir følgt opp – Folk som ikkje kjem gjennom til legekontoret og som gir opp å søka helsehjelp
Les mer om: