Går mot ei snarleg pol-løysing


Går mot ei snarleg pol-løysing

Sidan 16. november i 2017, har suldølen venta i spenning på når det nye polet skal opna og kor det blir plassert. Til Sand sentrum Vinmonopolet har i heile denne perioden vore klare på at dei ønskjer ei sentral plassering i Sand sentrum. – Me har venta på at sentrumsplanen skal bli ferdig og på ei avklaring mellom grunneigarane, seier Nordahl og vedgår at dette har trekt lenger ut i tid enn ønskeleg. Han seier dei blei einige med utleigar om leigekontrakten for eitt år sidan, men at Vinmonopolet vil venta med signeringa til alle utbyggingsplanane i sentrum er settla. Blir flott til slutt Nordahl vil ikkje røpa noko om den framtidige plasseringa av polet. – Nå er me ganske nære med å få formalisert avtalen. Først når den er signert, kan me vera heilt eksplisitte på kva bygg som er aktuelt, og kven utleigaren er, forklarer kommunikasjonssjefen. Han seier at næringsparken på Garaneset aldri har vore aktuell, og at ei plassering ved Bunnpris heller ikkje er optimal. – Me vil mykje heller vera i sentrum, der det meste av handelen skjer. Me vil gi suldølen det beste tilbodet, og det meiner me er i sentrum, ikkje langt frå båthamna. Eg lovar at sluttproduktet blir flott!
Les mer om: