Full sprekk for Thorsbys lag


Full sprekk for Thorsbys lag

Morten Thorsby spela heile kampen for Sampdoria mot Cagliari i Serie A i kveld, men det gjekk ikkje så bra for nordmannen. Sampdoria leia både 2-0 og 3-1. Men tre mål dei siste 20 minutta - det siste fem minutt på overtid - gav Cagliari siger 4-3.