Fotballglede for store og små


Fotballglede for store og små

Små og store fotballspelarar trassa regnbygene og stilte opp på Kjølvikstølen med fotballsko og speleglede laurdag. Idrettslaget hadde på førehand lokka med premiering for rettferdig spel og fine speledraktar, kiosksalg med pølser og kaker og god drøs langs sidelinja. Fint spel Etter ei felles oppvarming og etter at dagens speaker, Helge Naustvik presiserte at ufint spel ville bli slått knallhardt ned på, var kampane i gong. Og det var ingen tvil om at spelarane fulgte reglane; Her var det fairplay i lange banar, og knapt nok behov for å blåsa av for frispark i det heile tatt. Mini-cup i ballbingen Etter at ungdommar og vaksne er godt i gang med kampane, blir det ungane sin tur. Dei spelar sin eigen mini-cup i ballbingen. Då får og dei vaksne ein sårt tiltrengt pust i bakken. Etter at alle laga har spelt mot kvarandre er det klart for finale, der Unicorns møtar Godt Blanda. Etter ein ganske så jamn kamp, er det tilslutt Unicorns som går av med sigeren, og dermed òg vinn vandrepokalen til odel og eige, etter å ha vunne Halvøycupen tre gongar tilsaman.
Les mer om: