Fleire arbeidsledige i Suldal


Fleire arbeidsledige i Suldal

Arbeidsløysa er framleis stabil i Rogaland, men tala på heilt ledige i Suldal aukar. Arbeidsmarknadstala frå NAV for juli viser ein auke på ni heilt ledige, samanlikna med juli i fjor, noko som tilsvarer ein auke på 56 prosent. Totalt 25 personar, 1,3 prosent av arbeidsstyrken er heilt utan arbeid i Suldal. Det er berre ein mindre enn i Sauda, som har ein nedgang på 16 prosent, samanlikna med fjoråret. Suldal har med dette bytta plass med Sauda i statistikken, når det gjeld å liggja heilt på botn av arbeidsløyse-statistikken. Bokn og Utsira har begge så få ledige at tala ikkje blir oppgitt.