Femte strake heimetap


Femte strake heimetap

Liverpool tapte 0-1 for Chelsea på Anfield, det femte strake heimetapet for Liverpool. Mason Mount scora målet tre minutt før pause. Liverpool hadde ballen mest, men igjen svikta angrepet. Kampstatistikken seier eitt skot på mål i heile kampen. Chelsea hadde fem. Chelsea går opp på fjerdeplass med sigeren etter sin åttande kamp utan tap. Liverpool er nummer sju.
Les mer om: