Etterlyser handling på Helganes


Etterlyser handling på Helganes

Nils Bjarne Vold (V) står på den store fyllinga, eller steinørkenen som han kallar tunnelmassen ved riksveg 13 og Helganes bru, rundt fem kilometer ovanom Suldalsosen. Nå etterlyser han handling for å få til ein funksjonell rasteplass så snart som det lar seg gjera. Få gang i sakene Vold meiner Suldal kommune må vera meir enn positive til å få til ein rasteplass, nå vil han sjå at noko blir gjort. – Nå må me ta neste steg. På siste kommunestyremøtet før sommaren spurte Venstre-politikaren etter hjå ordføraren om kor saka ligg. Ordføraren Gerd Helen Bø (Sp), som sjølv var skuffa over Nasjonal turistveg si avgjerd om å droppa staden som ein rasteplass med Nasjonal turistveg-standard, viste til at ho hadde vore i kontakt med både Statens vegvesen og Statkraft. Pengar igjen Vold viser til det offentlege toalettet på Suldalsosen, som sidan det vart opna, har blitt mykje brukt. Det var i starten på juni at det nøkkelferdige toalettet kom på plass på kommunal grunn mellom dei to forretningane. 2,1 millionar kroner var sett av til toalett og ladestasjon, sistnemnde er det ikkje blitt noko av. Det prefabrikerte toalettet hadde ein prislapp på litt over ein halv million, då ikkje medrekna grunnarbeidet. Det er resten av denne avsette summen Vold nå meiner kan nyttast til å få fart på ein rasteplass ved Helganes. Do i buskane – Når ein såg kor enkelt det var på Osen, burde ein fått til eit slikt her også. Slik som det er nå, spring folk i buskane. Folk går på do alle vegar, seier Vold og peikar opp i skråninga ved den gamla rasteplassen like ved vegen og ned mot Suldalsvatnet. Ifølgje han er det ikkje er vanskeleg å finna teikn etter toalettbesøk. – Her er det eit behov, det er berre å smi nå, er hans meining. Vold meiner ordførarens samtalar med Staten vegvesen og Statkraft, om eit solid spleiselag, må setjast i gang nå. – Halvferdige saker, slik det er her nå, er ikkje kjekt for nokon. Toalettmangel i media På den korte stunda på plassen har eit ferierande par parkert bilen og rigga seg til ved det eine bordet for lunsj, ein bil med campingvogn har svinga inn for ein stopp og litt lenger borte ryggar to bubilar seg på plass. Vold viser til fleire saker i media om mangelen på offentlege toalett denne sommaren, blant anna i Stavanger. Skal ein satsa på reiseliv, er toalett ein viktig fasilitet. – Når folk kjem austante er dette eit nydeleg plass å komma til. Han kjenner til at Statkraft har ein gamal turbin som kunne blitt eit blikkfang og utsmykking på plassen. Å formidla Suldals historie, som kraftutbygginga, vatnet og naturen, meiner han er det rette å satsa på og at turistar er interessert å vita noko om plassane dei reiser til. – Det er majestetisk, seier han og viser i retning Suldalsporten.