Enorm Nice-snuoperasjon mot Lyon


Enorm Nice-snuoperasjon mot Lyon

Lyon såg ut til å cruise inn mot ein siger mot meisterliga-jaktande Nice. Ti minutt før slutt leda dei 2–0 etter mål frå Karl Toko Ekambi og Houssem Aouar. Men så byrja Nice opphentinga. Først skåra Youcef Atal, før Lyons Tino Kadewere blei utvist fem minutt før slutt, på stillinga 2–1. Ei sein straffeskåring frå Andy Delort, samt Evann Guessands første nettkjenning i Ligue 1, tre minutt på overtid, gjorde snuoperasjonen komplett, og sende nice opp på andreplass i den franske toppserien.
Les mer om: