Eit smykkeskrin av ei speidarhytte på Suldalsosen


Eit smykkeskrin av ei speidarhytte på Suldalsosen

Hytta i skogen ved Mehushaugen er teikna av Arnstein Landsnes hjå KV Bygg Suldal as, og den blir ein kjærkommen, lun samlingsstad for speidarane. – Den har blitt mykje flottare enn me hadde førestilt oss, og er utelukkande finansiert av gåver og dugnad, fortel ein tydeleg stolt speidarleiar, Eskil Nerheim. Som ein katedral! – Tankjen var å få laga til ein plass der me kunne halde oss tørre, opnar leiaren og refererer til dei rotne restane etter den gamle hytta som ligg under presenninga like ved. – Det er mest for gale å kalla det ei hytte, katedral er meir dekkjande, ler han, før applausen gjallar i skogen. Rundt 200 sambygdingar er komne for å vera med på den spesielle opninga. Dugnaden som balla på seg – Talet på naturglade unge speidarar auka på, og det same gjordet behovet for ei ny hytte, fortel leiar Marit Eikeland. Ho opplyser at dei er heile 60 stykk når alle er samla. Dei kalla saman nenevnyttige foreldre og utover vinteren tok det fyr i eigarskapskjensla til prosjektet: – Stadig nye idear vaks fram, den eine meir kreativ enn den andre, fortel Eskil. Dei hadde ikkje sett føre seg at dei skulle stå att med ei hytte med både solcellepanel og full isolasjon i veggane. – Me har til og med fått ei vifte på toppen, slik at me faktisk ser kvarandre der inne når me fyrer i grua, smiler han. Heiderleg opning Godord og ros hagla over dei grønkledde. Blant gratulantane var rådmann Øyvind Valen på vegner av Suldal kommune. Den tidlegare speidaren takka alle vaksne som bidreg til at Suldal er ein god stad å veksa opp. Etter kvart dukka nok ein kjent kar opp i speidarskjorta si, prest Asbjørn Salthe peika på kor viktig det er å ha ein stad å høyra til. Etter at alle gratulasjonar var på plass, fekk Torbjørg Skretting, æra av å brenna over opningstråden. Ho som var med på å skipe Suldal KFUK-KFUM Speidaren for nær 40 år sidan. Deler på godene Ut over ettermiddagen blei det lystig i opninga i skogen. Speidarane baud på både kaffi, kaker, pinnebrød og mange kjekke aktivitetar. Liten tvil om at denne happeningen under granene fekk fart i minnene til dei eldste, og kanskje tente ei gnist i framtidige suldalsspeidarar? – Dette er heilt fantastisk, strålar Marit Eikeland. Og legg til at hytta er for alle. Både barnehagen og skulen skal bruke henne på dei kalde og sure dagane, og det er og høve å leige henne for den som vil.