Ei kvinne og ein mann pågripne for tjuveri


Ei kvinne og ein mann pågripne for tjuveri

Politiet fekk torsdag kveld inn melding frå eit vitne i Åsklubben ved Saudafjorden, som reagerte på mistenkeleg framferd på eit par i båt. I dag, fredag føremiddag, vart paret, frå stavangerdistriktet og kjende for politiet frå før, pågripne ved Ropeid kai. Mannskap frå både Sauda og Vindafjord deltok. Det opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen. Mykje tjuvgods Ein god del tjuvgods vart funne i den stolne båten og på den eine personen. Kor tjuvgodset stammar frå, veit ikkje politiet, men det er oppdaga innbrot i ei hyttebod i Åsklubben og innbrot i ei hytte der eit pulverapparat er tømt. Politiet ser ikkje bort frå at tjuvgodset stammar frå hytte i Åsklubben, området rundt, eller frå andre staden langs med fjorden. – Kvinna som er pågripen er også blitt meld for vold mot offentleg tenestemann. Under ein stopp på veg til Haugesund, beit ho ein av polititenestemennene, opplyser Fenne-Jensen, som legg til at det også er mistanke om føring av båt i ruspåverka tilstand. Ber om tips Politiet tipsar nå hytteiegarar i området om å sjekka hytter sine og sjå om dei har hatt uvedkommande på besøk eller om gjenstandar er borte. Det er sannsynleg at tjuvgodset stammar frå fleire stader. Per nå har ikkje politiet full oversikt over omfanget og kor tjuvgodset kjem frå. Operasjonsleiar seier til avisa at politiet også er interessert i vitneobservasjonar.