Duka for debatt på lokale valmøte


Duka for debatt på lokale valmøte

Debattmøtet med dei kvinnelege listekandidatane og Suldal Mållags valmøte på Kulturhuset kan gi deg som veljar ein peikepinn. Kvinnepanel Først ut er Sand bygdekvinnelag som i kveld, onsdag, inviterer til valmøtet med kvinnelege politikarar i Suldal. På Røde Kors-huset på Garaneset vil kvar og ein av politikarane presentera seg sjølv og partiet. Partia vil også svara på kva dei meiner om landbruk, offentleg kommunikasjon, oppvekstvilkår og eldreomsorg. Med andre ord ein sjanse til å bli betre kjent med kvinnene, men også til å stilla spørsmål til dei ulike partia. Valmøte i storsalen Kommande måndag er det stort valmøte på Kulturhuset. Mållaget, med ordstyrarar Kolbein Bakka og Atle Ingar Vold, har både kommunepolitikarar og fylkespolitikarar i panelet. Forutan listetoppane frå dei lokale partia, er det også suldøler blant fylkespolitikarane. Reidar Sand er SVs ungdomskandidat og står på tredjeplass til fylkestingsvalet. Svanhild Løge Skålheim, KrF, har sjetteplass på lista til Kristeleg folkeparti Rogaland. Også Arbeidarpartiets kandidat på 11. plass, saudabu Asle Rafdal, blir med. Av førstekandidatar til fylkestinget, kjem Arne Bergsvåg (Sp), Alexander Rûgert Reinstrand frå Miljøpartiet Dei Grøne og Raudts toppkandidat, Bjørn Ove Hersdal. Brenn ein inne med spørsmål, er her sjansen til å få svar.